Yrkesintervju: Tolk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Namn: Maria José Maciel
Alder: 42 år
Yrke: Tolk
Arbeidsplass: Elo Cultural i Oslo

Kvifor valde du dette yrket?

– Det var veldig tilfeldig. Eg jobba som lærar på Universitet i Oslo, og fekk eit tolkeoppdrag frå UDI. Eg syns det var kjekt, og eg fekk det til, så eg tok fleire jobbar. No har eg mitt eige tolke- og translatørfirma.

Kva arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av?

– Ein tolkar for private aktørar eller offentlege kontor som Nav, helsestasjonar, barnevernet, sjukehus, politi, rettsvesenet, UDI og så vidare. I tillegg kan ein vere konferansetolk der ein tolkar simultant med det som blir sagt. Dette er den mest krevjande forma for tolking, men veldig kjekt.

Kva utdanning og/eller kvalifikasjonar er naudsynt?

– Då eg starta eksisterte det inga utdanning, men det gjer det no. På Høgskulen i Oslo kan ein no ta tolkeutdanning.

– Tolkeyrket blir endelig tatt på alvor fordi ein ser konsekvensane av dårlig tolkearbeid og viktigheten av rettssikkerheita. UDI og Oslo Tingrett jobbar mykje med kvalitetssikring av tolkar for å betre rettssikkerheita. På internett finn ein Nasjonalt tolkeregister (Tolkeportalen) og Norsk tolkeforening sine heimesider med oversikt over tolkar innan dei forskjellige språka. Det er fem kategoriar å komme innunder som tolk. Frå kategori fem, der ein har bestått ein tospråkleg test, til kategori ein der ein er statsautorisert tolk med tolkutdanning. For å komme inn under kategori ein må ein bestå tolkeksamen. Denne eksamen vert halden på Universitetet i Oslo og kven som helst kan ta den, men det er ein strykprosent på 80-90 prosent.

– Av personlige kvalifikasjonar er det viktig å ha innsikt i eigen kompetanse, og å vere audmjuk i kva ein kan og ikkje. Ein må kunne heile språkregisteret i dei språka ein tolkar mellom. Det er òg viktig å vere bevisst på det enorme ansvaret ein har som tolk. Ein må vere svært nøyaktig, og ha god formidlingsevne. Det held jo ikkje å berre oversette ordrett det nokon seier. I tillegg må ein vere rask og ha god formidlingsevne. Det er også viktig å førebu seg. Ein må kunne alt om ein jobb og kunne området ein skal jobbe med.

Kva er det beste med yrket ditt?

– Yrket er variert. I løpet av ein dag kan ein ha tolka i eit rettsmøte, for næringslivet og i eit fengsel. Ein får kjennskap til heile samfunnet, og lærer mykje.

Kva mislikar du mest med yrket ditt?

– Når ein ikkje klarar å komme inn i sjargongen, og ikkje heng heilt med i det ein skal tolke, er det frustrerande. I byrjinga syns eg det var vanskeleg å be om gjentakingar.

Kva andre arbeidsområde/mogligheiter fins innanfor ditt yrke?

– Dei fleste tolkar jobbar innan fleire forskjellige område. Ein bør jobbe for å komme opp i ein høg kategori, og så kan ein jo bli konferansetolk, men det krev mykje arbeid.

Kva kan man forvente i løn i dette yrket?

– Det er veldig vanskeleg å seie. Dei aller fleste må jo ha eit eige føretak, og anten jobbe direkte for kundane, eller for eit av dei store byråa. Jobbar ein direkte for kommunen, tener ein minimum 200 kroner per time. Jobbar ein via eit firma, tener ein mindre. Staten og politiet har ein tolkesats på 696 kroner timen. Som tolk lønnar det seg å vere flink.

Korleis ser du sjansane for å få jobb innan dette yrket?

– Dei er ikkje dårlige. Det er behov for tolkar, spesielt utanfor Oslo. Dersom ein er i kategori tre eller høgare, er sjansane gode for å få jobb. Dersom ein jobbar for det, kan ein få gode jobbar og tene bra.

LES MEIR OM TOLK!