Hattrick på nynorsk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag, tysdag, kom internettspelet Hattrick på nynorsk. Spelet har kring 850.000 deltakarar over heile verda. Det er omsett til over 60 ulike språk. Over 11.000 brukarar har lag her i Noreg.

– Fotball er best på nynorsk. Det er veldig artig og gledeleg at nynorsken kan takast i bruk i eit slikt fotballspel på Internett. For nynorsken er det viktigast å vere eit synleg bruksspråk for alle. Då må språket også brukast til slike viktige aktivitetar som fotball, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

Dugnadsarbeid
Hattrick er eit fotballspel på Internett der du styrer ditt eige fotballag, kjøper og sel spelarar og speler kampar mot andre brukarar og laget deira. For kring fem år sidan kom spelet på bokmål, og det siste året har ei gruppe entusiastar omsett det til nynorsk.

GÅ TIL SPELET!

– Dette er eit spel som spelarane kan følgje gjennom mange år og med mykje tekst. Det er difor ekstra moro at engasjerte spelarar har omsett spelet sitt til nynorsk, seier Håvard B. Øvregård. Han utfordrar også fotballpresident Yngve Hallén, som sjølv bloggar på nynorsk, til å sjå innom det nynorske fotballspelet.

Inspirasjonskjelde
No kan ein lese i kamprapportane om «daudball» og at «Olav Hestenes fekk gult kort etter å ha sett knottane beint i skinnleggen på ein motstandar».

– Kanskje dette spelet også kan verte ei inspirasjonskjelde for den nynorske sportjournalistikken, spør Håvard B. Øvregård.

SJÅ FLEIRE NETTSPEL!