– Ikkje skuld på dei fattige landa

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Statsminister Jens Stoltenberg sa torsdag til NRK at det ikkje blir nokre klimaavtale i Mexico i desember. Samstundes legg han ansvaret over på dei fattige når Noreg ikkje er villige til å auke målet sitt om å kutte i utsleppa til 40 prosent. Natur og Ungdom meiner det er på tide at Noreg sluttar å skulde på dei fattige og at statsminister Jens Stoltenberg gjer noko sjølv.

Sure sokkar i kofferten
På ein pressekonferanse i New York seier statsministeren at forventningene til klimatoppmøtet i Mexico er på botn og slår med dette fast at det ikkje blir noka avtale. Samstundes legg han skulda over på dei fattige når han ikkje er villig til å gjere noko på heimebane.

– Det virkar som om Jens Stoltenberg allereie no pakkar sura sokkar i kofferten til klimatoppmøtet i Mexico. Forhandlingane står stille fordi rike land som Noreg ikkje tek ansvaret sitt og aukar utseippsmåla, seier sentralstyremedlem i Natur og Ungdom, Bente Lorentzen.

Vidarefør Kyoto-protokollen
Det beste Jens Stoltenberg kan gjere no er å jobbe for ein vidareføring av Kyoto-protokollen. Ifølgje FNs klimapanel må rike land redusere sine utslipp med 40 prosent innan 2020 skal vi klare å nå togradersmålet. Natur og Ungdom meiner Kyoto-protokollen må vidareførast slik at vi sikrar utsleppskutt samstundes som det blir pressa på for at store land som USA skal bidra med å kutte sine klimagassutslipp.

– Det vondaste vi kan gjere er å sitja på gjerdet. Klimaproblemet ventar ikkje på politikarane, seier Bente Lorentzen, sentralstyremedlem Natur og Ungdom

Pengar på bordet
Jens Stoltenberg leiar ei gruppe som skal sjå på finansiering av klimatiltak i utviklingsland. Natur og Ungdom meiner han må jobbe for å sikre finansiering samstundes som vi kuttar heime.

– Vi må leggje pengar på bordet og kutte heime, berre då kan vi få ein framgang i forhandlingane, seier Bente Lorentzen, Natur og Ungdom