Skårar best i Sogn og Fjordane
Avgangselevane i nynorskfylket er best i landet. Sjå resultata for fylket ditt!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Best i Sogn og Fjordane
Oslo kjem på andreplass, medan Hordaland og Akershus deler tredjeplassen når det gjeld best snittkarakterar frå avgangselevane i i grunnskulen i vår. Østfold, Hedmark, Oppland, Telemark og Finnmark har gjennomsnittlege standpunktkarakterar under landsgjennomsnittet i dei fleste av faga.
Samanlikna med dei gjennomsnittlege standpunktkarakterane til fylka for 2008-2009 er det lite endring til 2009-2010. Dei få faga kor fylkessnittet har endra seg meir enn 0,2 karakterpoeng omfattar små fag slik som framandspråk og fordjuping i norsk og engelsk. Forutan desse faga har standpunktkarakteren i matematikk i Aust-Agder og i religion, livssyn og etikk i Finnmark auka med 0,3 karakterpoeng samanlikna med 2008-2009.
Det er òg i framandspråk og fordjuping i norsk og engelsk at ein finn høgast variasjon mellom fylka i standpunktkarakteren i skuleåret 2009-2010.
Betre i standpunkt enn på eksamen
Det er ein gjennomgåande tendens at standpunktkarakterane i gjennomsnitt er høgare enn til skriftleg eksamen. For dei nasjonale tala er det størst skilnad mellom standpunkt og eksamen i matematikk.
Differansane mellom standpunkt og skriftleg eksamen, i favør av standpunkt, er høvesvis 0 karakterpoeng for engelsk, 0,3 for norsk, og 0,4 for matematikk, melder Utdanningsdirektoratet.
Faktaboks
Fylke Standpkt.karakter
Akershus 40,7
Aust-Agder 39,6
Buskerud 39,8
Finnmark 39,1
Hedmark 39,1
Hordaland 40,7
Møre og Romsdal 40,1
Nordland 39,8
Nord-Trøndelag 39,4
Oppland 39
Oslo 40,9
Rogaland 39,5
Sogn og Fj. 41,3
Sør-Trøndelag 39,7
Telemark 38,7
Troms 39,6
Vest-Agder 39,2
Vestfold 39,4
Østfold 38,4