Boksuksess i utlandet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vaffelhjarte er kjøpt opp i ni land land. Dei seinaste landa er Japan og Serbia. Bøkene hennar sel bra, til dømes har Vaffelhjarte selt til saman 32.000 i Nederland, Russland, Tyskland og Sverige, ifølgje. Legg ein til førsteopplaga av Tonje Glimmerdal i utlandet og det samla opplaget til Samlaget av dei to bøkene, er totalopplaget no på 70.000.

For andreboka Tonje Glimmerdal vann Parr dei fleste prisane ei barnebok kan få i Noreg, inkludert Kritikarprisen og Brageprisen, og selde nest mest av alle nye, norske barnebøker i 2009. Tonje Glimmerdal har nett starta å kome ut i utlandet. I Tyskland får ho strålande meldingar, mellom anna i storavisa Zeit, og vert samanlikna med Astrid Lindgren.

Til Russland
I desember er Maria Parr invitert til den russiske bokmessa i samband med lanseringa av Tonje Glimmerdal der. Parr vert lansert som ein bestseljande forfattar på den russiske marknaden. Førsteopplaget på 5.000 bøker er allereie utselt.

– I Nederland, Russland, Tyskland og Sverige er det snakk om eit sal på kring 8.000 eksemplar i kvart land, fortel Eirin Hagen til LNK.no. Ho er litterær agent for Parr-bøkene i utlandet.

FØLG MED PÅ TEMASIDA VÅR FOR LITTERATUR!

Faktaboks

Maria Parr (f. 1981) er den nye superstjerna i norsk barnelitteratur! Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk det store gjennombrotet sitt med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho blei tildelt både Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for.

Bøkene til Parr er omsette til ei rekkje språk, og trass sin unge alder har ho alt vunne fleire litterære prisar enn dei fleste andre forfattarar gjer i løpet av eit heilt liv. Ho har blitt samanlikna med både Johanna Spyris (Heidi) og Astrid Lindgren.

Parr er frå Fiskå i Vanylven. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen og studerer no ved Høgskulen i Volda.