Liseberg. Solglasögon. Pippi. Sverigedemokratane?

Svolvær. Eg sit nordpå, åleine, på hotellrom 412. Valvake på svensk tv. Det krevst vel ikkje særleg lange studiar for å skjøne at dei borgarlege kjem til å gjere det bra, medan Sosialdemokratane – og dimed dei raudgrøne – styrer mot eit katastrofeval. Så, litt utpå kvelden, kjem valdagsmålinga: Sverigedemokratane, eit parti med nynazistiske røter og rasistisk politikk, er inne. Med 20 mandat.

Eg har vondt for å tru at våre naboar i aust har blitt meir rasistiske sidan sist. Likevel er det ikkje til å kome forbi at hundretusvis av svenskar har røysta Sverigedemokratane med opne auge, og at "Svenskarnas parti" (tidlegare Nationalsocialistiskt front) kom inn i kommunestyret i Grästorp, Västra Götaland. Dette partiet er reint nynazistisk, og det er fyrste gong sidan førtitalet at eit slikt parti har kome inn i eit folkevald organ i Sverige.

Kva hjar skjedd? Eg vel å tru dei svenske partileiarane då dei i går meinte at dette handla om protestrøyster, snarare enn ei rasistisk rørsle i Sverige. Men meir interessant er det kva partileiarane ikkje sa: Kvifor kjem desse protestrøystene? Eg trur svaret er samansett, men noko er visst: Skilnadene på dei politiske blokkene er i Sverige (og i Noreg) redusert til eit spørsmål om nokre prosent på skattesetelen. Same kva parti du røystar på får du éin type politikk. Denne politikken er utforma av menneske som snakkar mykje med kvarandre og lite med folk utanfor.

Både i Sverige og i Noreg går det an i sjå vala i etterkrigstida som ei røysting for eller mot sosialdemokratane og venstresida. Langt dei fleste innbyggjarane i Skandinavia stør høge skattar og faglege rettar. Tydelege, politiske prosjekt har blitt premiert. Men no?

Politikk har blitt mykje administrasjon og lite revolusjon. Eller innovasjon, om du vil. Då er det ikkje anna å vente enn at brune protestparti banar seg veg inn i nasjonalforsamlingane. Eg vonar det Sverige eg er så glad i kan kome tilbake, men trur det skal bli ein stri jobb: Kvart og eitt av dei andre partia må leggje om kursen. Vi har lese mykje om First House dei siste vekene, men lite om kor mykje makt pr-byråa har over kva bodskap partia sjølve kjem med. Demokratiet forvitrar. Og då må partia rekne med at veljarane svarar.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.27

LES OGSÅ

ANNONSE