Ein smak av arbeidslivet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Anna Sandsdalen Aalde og Hedda Gudim er elevar ved Skøyenåsen skule i Oslo. Dei fortel om røynslene sine frå jobbskygging i fjor.

– For det første gjev Jobbskygging eit høve til å bli kjent med arbeidslivet på skikkeleg, noko som er motiverande i seg sjølv. Det var utruleg lærerikt å møte fagfolk innan bransjar vi interessert i i staden for å lese om det i brosjyrar. Men det er òg viktig å kome seg ut i det verkelege livet, for det er jo ut der alle vi unge skal, poengterte dei før dei slo fast at det ikkje var noko latmannsliv å skygge.

– Vi måtte førebu oss mykje før sjølve jobbskyggedagen, vi stilte spørsmål og undersøkte aktivt då vi var ute, før vi oppsummerte og presenterte for klassekameratane.

– Mange tenkjer at livet sluttar siste dagen på skulen, men det er jo då det byrjar. Jobbskygging gjev difor ein viktig smakebit på voksenlivet, slår Anna og Hedda fast overfor ue.no.

Les meir om jobbskygging!