Blæs bort skulen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

– Av og til er det kjekt å gjera noko ein aldri har vore borti før, og det skal de få vera med på i dag.

Det var velkomstorda til kultursjef Kristin Myrmel Henschien, då ho underviste åtte spente jenter måndag. Då hadde ho den aller første undervisingsdagen med det nye tilbodet frå kulturskulen, «Blås i skulen».

«Fø’ ein lyd»
Sju kornettar og ein trompet vart pakka opp og testa ut for alle første gong.

– Fø’ ein lyd, kvein ei av jentene etter å ha testa instrumentet for aller første gong. Lyden som kom ut frå kornetten, minna langt frå om musikk.

– De må nesten spytta inn i instrumentet, og laga munnen til slik, forklara og demonstrerte kultursjefen til jentene. Som nesten ikkje hadde tid til å sjå den vegen.

Notane på tavla
Notelinene var teikna opp på tavla, blanke notebøker vart utleverte og snart kom dei første notane på plass, sirleg innteikna.

– Notar er som eit språk. Skilnaden frå vanleg talespråk, er at notespråket skjønar alle – uansett kvar, i verda dei bur, forklara Henschien.

Dei første noteteikna kom også på tavla, under notelina, mellom og på, og Henschien snakka og peika – og etter kvart vart unotane færre og færre. Fleire av jentene fekk bortimot aha-opplevingar når dei trefte tonen – og den i tillegg var lik den som kom ut av instrumentet til jenta ved sida av.

Bratt læringskurve
– De skal ha tre tonar i heimelekse til neste gong, og til slutt skal me gje konsert, sa Henschien.

Det vart stilt ei bitte lita stund, medan jentene stussa over om ho verkeleg meinte dette.

Men så blåste dei alt saman, i dobbel tyding. Vindaugo stod opne den varme seinsommardagen, men jentene brydde seg ikkje om at andre elevar som hadde kome ut frå sine timar, smilte og lo og nærma seg «konserten» på innsida.

Heilt unikt musikkprosjekt
– Det er viktig å gje eit breitt musikkskuletilbod til skulane. Eg tenkjer meg at kulturskulen skal verta eit lokalt kompetansesenter, og denne kompetansen skal ut i området me skal dekka, seier kultursjef Kristin Myrmel Henschien i Vaksdal.

Kulturen breitt ut
Det er ikkje skulekorps i bygda, og kanskje kan dette gje rekruttering til korpset Blanke Messingen, som alt er etablert?

– Sjølvsagt har eg tenkt slike tankar også, men det er slett ikkje det viktigaste. Det er å få kulturen breitt ut til folket, understrekar ho overfor Avisa Hordaland.
At nett kornett vart vald, er også eit forsøk på å gje musikkopplæring i skulen på noko anna enn blokkfløyte. Nett det instrumentet kjenner nok mange elevar, og heilt sikkert foreldre også – lyden av øving på blokkfløyte er ikkje alltid like vakker.

Konsert seinare
På Stamnes er undervisinga, som skal føregå ein gong i veka i ti veker framover til kvar gruppe på åtte elevar, lagt opp for dei eldste elevane.

– Her startar me heilt på botn med undervisinga, og instrumenta har eg fått låna frå lokale korps. Me kan ikkje venta at skulen sjølv har slike musikkinstrument, seier kultursjefen. Som ser fram til denne opplæringsjobben framover hausten.

– Eg kan forresten ikkje vera til stades alle måndagane undervisinga føregår. Men då har eg heldigvis ressurspersonar på skulen som kan steppa inn. Her fleire assistentar her som er medlemer av Blanke Messingen, så den delen har me god kontroll på, legg ho til.