Møt ein dyrepleiar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

Namn: Camilla Naphaug Thorsen
Alder: 33 år
Yrke: Dyrepleiar
Arbeidsplass: Mosengs dyreklinikk, Oslo

Kvifor valde du dette yrket?

– Det var veldig tilfeldig. Eg hadde gått fleire år på Blindern og teke fleire grunnfag, men mista etter kvart litt mål og meining. Difor hoppa eg av der, og vart tipsa av systera mi om dyrepleiaryrket. Såg eg søkte på det studiet, kom inn, og har ikkje angra sidan.

Kva for arbeidsoppgåver har du i yrkeskvardagen din?

– Sidan eg jobbar på ein liten klinikk, er arbeidsdagen veldig variert. Slik er det ikkje på større klinikkar, der ein har ulike avdelingar. Her går det i alt frå anestesi til reinhald. Eg tek røntgenbilete, blodprøver, utfører tannrens, tek telefonen, rettleier kundar, set opp lister, assisterer ved operasjonar og vanlege konsultasjonar. Det er òg ulikt laboratoriearbeid med ulike prøver. Eg har òg ein del kontorarbeid sidan vi er ein liten klinikk.

Kva for ei utdanning og/eller kvalifikasjonar er naudsynt for å bli dyrepleiar?

– Dyrepleiar har sidan 2003 vore ein verna tittel, såg ein ha autorisasjon frå Mattilsynet. I Noreg er det berre Noregs Veterinærhøgskole som tilbyr denne utdanninga. Studiet varar to år, og du blir då høgskolekandidat. For å kome inn på dette studiet, må du ha generell studiekompetanse. Man kan òg få autorisasjon dersom ein har tilsvarande utdanning frå andre land. Mange går til dømes i Danmark.

I tillegg må ein kunne takle ein hektisk kvardag, vere effektiv og nøye – det er jo levande vesen ein har med å gjere. Det er viktig å kunne få god kontakt med dyret og ikkje minst med eige. Dei gjev jo ofte frå seg den beste venen sin.

Kva er det beste med yrket ditt?

– Det er når vi klarar å gjere dyr som har det vondt, friske. Det er kjempegøy. Nyleg hadde vi til dømes inne ein 18 år gammal katt som hadde hangla eit bel. Det viste seg at han hadde ein stor urinstein i blæra, og vi kom fram til at han skulle opererast, på trass av at det er stor risiko forbunde ved det i så høg alder. Og det gjekk bra! Etterpå var det som om han var ti år yngre. Sidan vi er ein liten klinikk, får vi eit veldig personleg tilhøve til alle. I tillegg er dagane veldig varierte.

Kva mislikar du mest med yrket ditt?

– Det må vere i motsette tilfelle, når ein ikkje klarar å hjelpe. Men det er veldig lite med denne jobben eg mislikar. Sjølvsagt er det ikkje gøy å vaske golv, men hygienen er jo kjempeviktig.

Kva for andre arbeidsområde finst innanfor yrket ditt?

– I tillegg til å jobbe på smådyrklinikk, kan ein òg jobbe med store dyr. Dyrepleiarar kan jobbe i legemiddelfirma og hos leverandørar av medisinsk utstyr. Man kan òg få jobb i forsikringsbyrå – mange eigarar forsikrar dyra sine, og då trengs det kompetansen. Dyrepleiarar kan òg vidareutdanne seg til til dømes å drive med fysioterapi for hundar. Men dei aller fleste dyrepleiarar jobbar med smådyr. Då jobbar ein på klinikk, som oftast under ein veterinær. Man står forresten fritt til å starte eigen klinikk som dyrepleiar.

Kva kan ein forvente i løn i dette yrket?

– Ein blir ikkje rik. Dei fleste ligg under 300.000 kroner i året, men det varierer. I forsikringsbyrå og legemiddelfirma tener ein nok meir.

Korleis ser du på sjansane for å få jobb innan dette yrket?

– Det er ikkje veldig enkelt å få jobb. Man må nok vere villig til å flytte litt på seg. Samstundes er det alltid ein og anna ledig stilling her og der, men ein kan ikkje regne med å få jobb rett etter utdanninga. Sidan mange tek utdanninga i utlandet, blir det utdanna veldig mange dyrepleiarar.

Faktaboks

Les meir om korleis du blir dyrepleiar på Utdanning.no!