Fleire unge kvinner utan arbeid

Men fleire menn under 30 år har fått arbeidet tilbake.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

– Det siste året har det vore nedgang i arbeidsløysa blant byggje- og anleggsarbeidarar, industriarbeidarar og meklarar og konsulentar. Dette viser at dei yrkesgruppene som først vart hardast ramma av finanskrisa no klarar seg betre, seier arbeids- og velferdsdirektør Tor Saglie i ei pressemelding.

Det er særleg blant unge det har vore forskjellar, og utviklinga har vore ulik for menn og kvinner. For kvinner under 30 år har arbeidsløysa auka med ti prosent, medan han har gått ned med to prosent for menn i same aldersgruppe.

Ein grunn til dette er at det har vore auke i arbeidsløysa blant yrkesgrupper som for ein stor del høyrer inn under offentleg sektor. Arbeidsløysa har auka mest for akademikarar og helse- og omsorgsarbeidarar.

Fleire har søkt jobb lengje
I august var det 21 300 ledige som har søkt jobb i meir enn eitt år. Det er 43 prosent fleire enn på same tid i fjor. Blant dei som har søkt jobb i mindre enn eitt år har arbeidsløysa gått ned med ti prosent frå i fjor.

– Det er positivt at arbeidsløysa ikkje lenger aukar, men det er grunn til uro at dei som har stått ledig lenge slit med å kome i jobb, seier Saglie.

Mengder ledige stillingar flatar ut
I august vart det hos NAV registrert tolv prosent færre ledige jobbar enn på same tid i fjor. Det er ein svakare nedgang i ledige stillingar no enn i vårast. Sterkast nedgang finn vi innan butikk og salgsarbeid. Mensar innan ingeniør og ikt-fag og industriarbeid er det fleire ledige jobbar no samanlikna med i fjor.

Det har vore relativt store fylkesvise variasjonar i utviklingen det siste året. I Oppland og Troms har arbeidsløysa gått ned med høvesvis 13 og ti prosent, medan arbeidsløysa har auka med 16 prosent i Sogn og Fjordane og seks prosent i Oslo sidan august i fjor.

Lågast arbeidsløyse har no Oppland med 2,2 prosent, medan han er høgast i Oslo med 4,0 prosent.