Samlar seg mot oljeboring

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

Kring 500 studentar møtte opp på Fredrikkeplassen, midt på universitetsområdet i Oslo, for å seia nei til oljeboring i Lofoten, Vesterålen og utanfor Senja.  

– Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men eg har aldri opplevd så mange studentar samla for ei sak utan at det er i regi av universitetet sjølv, seier Peter Ringstad i Changemaker Oslo Student, som er ein av dei 15 studentorganisasjonane som står bak demonstrasjonen.

Årets viktigaste

Sunniva Eidsvoll i Blindern SV kallar dette årets viktigaste demonstrasjon.

– Kvifor det?

– Ein hovudgrunn er at desse områda er veldig sårbare område. Det er gyteområdet for den siste store stamma av villtorsk. Verdas største kaldtvasskorallrev ligg her. Området er attraktivt for turistar, og ei ulukke vil øydeleggja for både turistnæringa og store delar av fiskeria, seier Sunniva Eidsvoll.

– Jobb med fornybar energi!
– Dessutan, viss me skal gjera noko for å hindra ei global oppvarming på meir enn to grader, så må Noreg ta ansvar. Me som er unge no, må ta dei største kutta fram til me er om lag karbonnøytrale fram mot 2050. Me kan ikkje gambla med framtida vår.

– Mange realiststudentar har tradisjonelt fått seg jobb i olje- og gassnæringa. Kva skal dei leva av når de vil stengja for meir oljeleiting?

– Dei burde jobba med å utvikla fornybar energi og og miljøteknologi. Oljealderen er på hell. Dei burde heller få bruka dei kloke hovuda sine til å finna ut kva me skal leva av etter oljealderen er over.

 

Kva meiner du om oljeleiting i Lofoten, Vesterålen og utanfor Senja? Sei meininga di i kommentarfeltet!