Her er favorittboka di
Ei motbydeleg bok, kanskje? Nye tenester hjelper deg med å velja i bokjungelen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
NULL
Bokelskere.no er framleis i betaversjon, men har allereie klart å få over 6000 registrerte brukarar som deler leseopplevingane mellom seg. Her er det mogleg å sjå kva bøker andre har lese, gje terningkast, diskutera, finna sitat, sjå mest populære bøker og laga eller lesa lister som til dømes ”Bli ein kultursnobb på under 1000 sider”.
Forfattaren Tore Renberg står bak tenesta saman med utviklaren og kompisen André Nesse.
– Me ønskja å skapa eit uavhengig, vennleg og ope rom med fokus på lesing. Ein stad der folk kan føla seg heime med si eiga bokhylle, gå på besøk hos andre folk med bokhyller, eller delta i diskusjonar med bra bokfolk, skriv dei om tenesta si.’
Ei motbydeleg og brutal bok?
På Ønskebok.no kan du rett og slett søkja på bøker etter sinnstemninga di. Til forskjell frå tradisjonelle bokdatabasar der du må kunne namnet på forfattaren, boka eller sjangeren, kan du i staden velja bok etter humøret.
Er du trist vil du kan hende ha ei glad bok – eller kva med ei bok som er enda tristare enn deg? Eller kva om du vil ha ei brutal og motbydeleg bok? Du vel, klikkar "søk" og vips gir ønskebok.no deg ei liste over bøker som svarar til ønska dine!
På boksøk.no finn du alle titlane som er støtte av Leser søker bok. Desse bøkene er garantert frie for tung tekst!
Digitale bøker
Om du av ein eller annan grunn ikkje kjem deg på korkje bokhandlar eller bibliotek, er det mogleg å finna gratis bøker på nettet. Nasjonalbiblioteket har lagt ut 29.000 bøker i fulltekst på bokhylla.no.
Google si bokteneste lar deg søkja i teksten til vel sju millionar bøker, hovudsakleg på engelsk.
Det er ei lang liste over nettstader som omhandlar bøker. På Startsida.no kan du fram til bokhandlarar, forlag, bibliotek, antikvariat, bokklubbar, festivalar, teikneseriar, bokmeldingar og nyhende om bøker.