Føregangskvinne på jernbanen

I løpet av 100 års drift har det ikkje vore ein einaste kvinneleg banemontør på banen. 23 år gamle Bjørg Kristine frå Voss vert den første.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

Saman med tre gutar starta Bjørg Kristine Bøyum (23) frå Voss på læretida si i Jernbaneverket Drift Sør/Vest denne veka. Ho er om to til tre år ferdig med læretida, og vil då vera garantert jobb, og ho vil halda fram som banemontør og syta for at toga kjem seg fram over fjellet.

 

Glad for at det vert teke inn lærlingar

Ein banemontør har som oppgåve å halda ved like jernbanenettet. Personalleiar for strekninga Finse–Bergen, Egil Holven, er glad for at Jernbaneverket no tek inn lærlingar for å betra rekrutteringa.  – Gjennomsnittsalderen hjå oss er kring 50 år, slik at me står framfor eit stort generasjonsskrifte om få år, seier han.

 

Interessant fag

Utsiktene til ein sikker jobb var òg med på å gjera valet enkelt for Bjørg Kristine.  – Faget er interessant, og det er ei sikker framtid, seier ho. Som frå før har byggfag og to år på lina for driftsoperatørar på ski- og fjellheisar på CV-en.

 

LES HEILE SAKA!