Vil ha Odda-modellen landet over

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha Odda-modellen

Til helga møtest Noregs Mållag til nasjonalt haustseminar i Odda. Hovudemnet er opplæringspolitikken for nynorskelevane i grunnskulen. Særleg fokus vert det på korleis ein sikrar at elevar i språkdelte område får god nok opplæring i nynorsk.

LES OGSÅ: Odda-modellen under press

Vil ha språkdeling i ungdomsskulen
«Her er det mykje å læra av den såkalla Odda-modellen», skriv Mållaget i ei pressemelding.

Marit Aakre Tennø har tidlegare kritisert skulen for å gjere for lite for å demme opp for nynorskflukta og kome med ei klår oppmoding til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

– Lat elevane i ungdomsskulen ha dei same rettane til å gå i eigen klasse i ungdomsskulen som i barneskulen, så langt det er råd. Om dei ikkje er mange nok til ein heil klasse, må ein samle nynorskelevane i same klassen, sa Tennø i etterkant av rapporten «Undersøkelse av nynorsk som hovedmål» .

LES OGSÅ: Lettar byrda for språkdelte kommunar 

Budsjettpress
I dag er elevane berre sikra retten til opplæring på eige språk dei fyrste sju åra av ein 13-årig skulegang.

«I område med berre nynorskelevar eller berre bokmålselevar er dette uproblematisk, men i språkblanda område er det ofte nynorskelevane som kjem i mindretal og som taper; dei hamnar i klasser der opplæringa skjer på bokmål. I Odda har ein løyst dette med å ha eigne bokmålsklasser og eigne nynorskklasser. Slik er elevane sikra god opplæring på hovudspråket sitt gjennom heile ungdomsskulen», står det i pressemeldinga.

Denne modellen er under press i Odda der saka har vore oppe i kommunestyret fleire gonger fordi rådmannen meiner ordninga er for kostbar. I år gjekk kommunestyret inn for ei skikkeleg vurdering av ordninga, for å hindra at språkdelte klassar vert ein stor debatt i alle framtidige budsjettdebattar.

Denne helga skal altså Mållaget få læra meir om Odda-modellen.

I tillegg står den nye kommunereforma på programmet – sjølvsagt sett med språkpolitiske auge.