Vil ha hjartestartar på alle skular

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med hjarte for hjartestartar

– Eg har fått tilbakemeldingar på at forslaget rett og slett er livsviktig, fortel Anna Sofie Ekeland Valvatne, nestleiar i Stord ungdomsråd.

Saman med Øystein Måge Skorpen utgjer ho delegasjonen frå Stord vidaregåande skule under Elevtinget, det årlege landsmøtet til Elevorganisasjonen.

Han er den offisielle representanten, medan Ekeland Valvatne er observatør, som har både forslags- og talerett.

LES OGSÅ: Svenske sms-ar reddar liv

Hjartesaka
Taleretten har ho nytta ved fleire høve, mellom anna for å tala nynorsken si sak og understreka kor viktig det er at skulane får ha med observatørar i tillegg til representanten, som har stemmerett.

Ho fremja òg Stord-delegasjonen si viktigaste sak: At alle skular skal ha ein hjartestartar i umiddelbar nærleik til elevane.

Etter at saka først vart einstemmig avvist av redaksjonskomiteen, fekk ho til slutt over to tredelar av elevtingrepresentantane sine stemmer, som er det som skal til for at eit forslag vert vedteke.

Då ein tilsett på Stord vidaregåande skule døydde av hjartestans før jul vart det enno klarare kor viktig denne saka var. Næraste hjartestartar var då på brannstasjonen, noko 17-åringen tykkjer er for langt borte.

– Eg meiner at ein hjartestartar er essensielt, spesielt for oss som har yrkesfaglege linjer, fortel Valvatne, som er stolt over å ha fått gjennomslag for hjartesaka si.

LES OGSÅ: Legen erklærte Rune (37) død

Godt tiltak
Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke rosar initiativet.

– Det er eit godt initiativ. Det er viktig at det er hjartestartarar der folk ferdast, samt at folk veit kvar dei er og korleis dei skal brukast, seier kommunikasjons- og marknadssjef Tommy Skar på telefon til Framtida.