Vil gjera Venstre gladare i EU

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I forslaget til nytt partiprogram seier ikkje lenger Venstre at det ikkje ligg til rette for ein ny EU-debatt dei nærmaste åra.

No heiter det seg at “Venstre er grunnleggande positiv til EU som ein arena for økonomisk og politisk samarbeid og for freds- og demokratibygging over landegrensene i Europa.” Programkomiteen nemner òg at Noreg står utanfor dei formelle avgjersleprosessane i EU gjennom EØS-avtalen.

Det står likevel ikkje at Venstre skal arbeide for eit medlemskap i EU, slik Høgre skriv i sitt program.

– Det er eit kompromiss i rett retning. Me synest det er ein siger, seier Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre.

LES OGSÅ: Vil ha eigen EU-minister

– Eg skulle sjølvsagt ønskt eit krystallklart ja til EU, legg han til. Partiet gjev ikkje veljarane råd om kva dei eventuelt skulle ha stemt, om det blei ei ny EU-avstemming, men skriv at dei vil følgja resultatet av ei folkeavstemming.

– Vil også du stemma nei til EU, om folkefleirtalet gjekk mot EU ein gong til?

– Ja, det ville eg. Det er berre Senterpartiet som har skapt usikkerheit om dei vil følgja resultatet av ei folkerøysting, svarar Sveinung Rotevatn.

QUIZ: Kva veit du om EU?

Kva synest du om at Venstre blir meir positive til EU? Bør Noreg søkja medlemsskap i EU?