Tema: Vidaregåande skule, jobb, reise

Valets kval

Ferdig med vidaregåande, eller berre klar for eit friår. Kva kan du finne på då?

Anita Svendheim/Magasinnet
torsdag 10. november 2011 13.55

Valets kval Kina: Kanskje vil du reise eller arbeide i Kina i friåret ditt. Foto: Wolfgang Staudt.

 Når du endeleg har fullført den vidaregåande skulen, har du kanskje lyst på eit friår. Då er mogeleghteitene mange.

På Elevtinget 2011, årsmøtet for elevorganisasjonen, kom det fram at rådgjevingstenesta i skulen er ei forsømd oppgåve med låg kompetanse og få ressursar. Samstundes er det fleire og fleire ungdommar vel å ta seg eit år fri frå studie etter fullført vidaregåande utdanning.

Då ligg utfordringa i å finne ut kva tilbod som finst der ute.

 Ta opp fag

Strauk du på ein eksamen etter ei hard russetid, eller har du nokre realfagpoeng du ynskjer å få med deg før du søkjer deg inn på universitetet?

Det finst mange gode privatistskular i dag som gjer det mogleg for deg å pynte på vitnemålet ditt

– dei fleste gir deg til og med ein karaktergaranti som vil gje deg pengane tilbake dersom du ikkje forbetrar deg i faget.

 Les meir på: www.taoppfag.no eller www.akademiet.no

 Folkehøgskule

Er du lidenskapleg oppteken av klatring, eller har du alltid hatt lyst til å reise verda rundt?

Med 72 norske folkehøgskular, finst det i dag ei linje for dei fleste interessefelt. Her får du undervisning, er med på aktivitetar og dreg på ein eller fleire reiser.

Heile ni månadar tilbringer du på internat saman med likesinna, og saman skaper de dykk vener, erfaringar og minne for livet.

 Les meir på: www.folkehogskole.no

Få jobberfaring

I dei seinare åra viser undersøkingar at tidlegare arbeidserfaring har blitt viktigare enn nokon gong når ein skal ut på arbeidsmarknaden etter fullendt utdanning.

Difor er friåret ein perfekt moglegheit til å tene nokre ekstra pengar, i tilegg til å gjere seg meir attraktiv hjå din kommande arbeidsgjevar.

Kanskje ynskjer du å kombinere jobbinga med eit år i Frankrike, slik at du på same tid kan føre opp eit nytt språk på CV-en?  

Les meir på: workaway.info, ung.no, eller helpx.net

 Reise

Dersom du alltid har gått rundt med ei utferdstrong er friåret ei perfekt tid for å få utløp for dette.

I dag finn ein mange organisasjonar som har lagt opp til at du skal få fullt utbytte av di ferd over landegrensene, anten ein ynskjer å kombinere det med fag, jobbing eller voluntørteneste.

Her kan ein trave gatelangs i Roma samstundes som ein får ei innføring i tidlegare filosofar sitt tankesett, eller hjelpe til på ein gard mot kost og losji.

 Les meir på: kulturakademiet.no eller Atlantis.

Arbeide som frivillig

Kanskje du har lyst til å kombinere ditt år på reise med frivillig arbeid?

Innan for dette feltet kan ein finne organisasjonar som passar dei fleste ynskje – anten ein ynskjer å reise til Afrika for å arbeide med løver, til Kina for å lære vekk engelsk eller til Armenia for å arbeide med kreftsjuke born.

okre organisasjonar får økonomisk støtte slik at dei kan betale deg for å arbeide for dei, medan andre tek betalt for å få middel til å vidareutvikle prosjektet sitt.

 Les meir på: x-plore.no eller aktivungdom.eu  

Au Pair

Har du alltid vore glad i  born, og ynskjer deg ein rolegare kvardag?

Då passar Au Pair perfekt for deg. Mot gratis lønn, kost og losji vil du passe på borna og gjera lettare husarbeid hjå din vertsfamilie.

Ein unik moglegheit til å lære seg ein ny kultur å kjenne!  

Les meir på: Aupair-world, STS eller Atlantis.


Oppdatert: tysdag 29. november 2011 09.43
Kommentarar 0

 
ANNONSE: