Unge får hjelp til å styra økonomien

Med verktøyet «Sjef i eige liv» kan ungdom lage eit eige budsjett og undersøkje framtidsmoglegheitene for eigen bustad.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I eit samarbeid mellom Finansnæringens fellesorganisasjon, Husbanken og Nav blei den digitale læringssimulatoren introdusert tysdag.

Prøv simulatoren no!

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete trykte på startknappen for simulatoren, og skildra det nye verktøyet for yngre bustadsøkjande som eitt av fleire viktige tiltak.

– Vi veit at det er 6.000 bustadlause og mange av dei er i alderen 18 til 24 år. Dette blir eit nyttig verktøy som viser kor viktig det er for ungdom å spare pengar tidleg i livet, seier Navarsete.

Simulatoren viser samanhengen mellom inntekt, forbruk og sparing. Den gir eit bilete av konsekvensane ved ulike økonomiske val. (©NPK)

LES OGSÅ: Har ikkje peiling på økonomi