Ti av tolv står utan læreplass

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Porten.no.

Årdal: – Det er heilt på trynet. Veldig irriterande, kjem det frå elevane i automasjonsklassen på Årdal Vidaregåande. 

I haust trudde dei 12 elevane at dei var garantert læreplass etter tre år utdanning. No kan det sjå ut som påbygg eller friår er det einaste alternativet for ungdommane. 

LES OGSÅ: Ungdom utan læreplass får svi

– Aldri vore så gale
Hydro er ei av dei viktigaste lærebedriftene i Indre Sogn. I år reduserte Hydro det totale talet på lærlingar frå 30 til 20, medan talet på elevar som har gått automasjon, er halvert. 

– Eg kan ikkje hugsa at det har vore så gale som i år. Mange av elevane er usikre på om dei i det heile tatt får læreplass, seier Linda Nordheim, som er lærar for elevane. 

I fjor tok Hydro inn fire elevar frå automasjon. Halvparten av elevane i ein klasse på 12, vart teken inn til intervju i år. Då kom sjokkmeldinga om at berre to av dei hadde sjans på å få læreplass. 

– Me fekk ingen forklaring frå Hydro på kvifor dei hadde halvert talet. Me fekk heller ikkje beskjed på førehand at dei kom til å halvere talet, seier Nordheim. 

LES OGSÅ: Manglar lærlingar til akvakultur

Kamp om plassane
I tillegg til at Hydro reduserer sine læreplassar og fleire andre bedrifter no er usikre på om at dei skal ta inn nye lærlingar i år, skal det opprettast ei ny automasjonslinje på Eid til hausten. 

– Kampen om læreplassane vert endå tøffare til neste år. Det vil bli rift om plassane i heile fylket. Skulen i Årdal er allereie svært utsett. Eg meiner Hydro burde ta sin del av samfunnsansvaret for skulen her i Årdal og ikkje minst for elevane, seier Nordheim. 

Automasjonslinja i Årdal har eksistert i nærare 30 år, mykje grunna den store etterspurdnaden etter denne type arbeidskraft i ein industrikommune. 

Koordinator på Hydro, Odd Steinar Natvik, seier at talet på lærlingar vert regulert etter behovet i bedrifta. 

– Me pleier vanlegvis å ta inn tre lærlingar frå automasjon. I fjor var eit unntak, då me tok inn éin over. No går med ned til to elevar for å tilpassa behovet, seier han. 

Han forklarar vidare at for å sikre kvaliteten på opplæringa og for å få dekt alt innanfor faget, har ikkje Hydro kapasitet til å ta inn fleire. 

– Me får ikkje sikre tilbodet om me ikkje klarar å gjennomføra det på ein skikkelig måte, seier Natvik. 

I dag er det fire elevar frå automasjon som er i lære i Hydro. Læretida er på 1,5 år fordi skulegangen er på tre år. Fagprøven tek dei på Årdal Vidaregåande. 

– Om vi ikkje klarer å få verksemdene til å ta inn lærlingar, vil skulane få eit problem i neste omgang. Om det ikkje er læreplassar å få, går søknadstala ned, og linjer kan bli nedlagde, sa Roald Olsvold Nordhordland Handverk og Industrilag (NHIL) til avisa Nordhordland tidlegare i år.

Flinke elevar 
Søknadsfristen for å søkje læreplass var 1. mars, men det er framleis mogleg å søkje direkte til ulike bedrifter. Målet til skulen er at elevane kan starte opp som lærlingar rett etter skulen er ferdig i juni. 

– Det er synd at ti elevar no står utan læreplass. Dei får ikkje ein gong sjansen til å syna seg fram. Det er lenge sidan me har hatt ein klasse med så dyktige elevar. Bedriftene går glipp av svært mange gode folk og det er eit stort tap for industrien. Elevane har både gode karakterar og er veldig sosiale. Eg ville ha tilsett alle, seier Nordheim. 

Tidlegare har automasjonsklassen hatt ein høg prosentdel av elevar som har fått læreplass. Det høgaste talet som har stått utan læreplass har ligge på tre, men vanlegvis er det berre snakk om éin til to elevar. 

– Verken elevane eller skulen forventa at dei skal få seg fast jobb etter læretida. Men dei må få ta fagbrevet og få avslutta utdanningsløpet sitt slik at dei har moglegheita til å gå vidare. Elles blir dei ståande att med ei avbroten utdanning, seier Nordheim. 

LES OGSÅ: No vil over halvparten gå på yrkesfag

Utfordrar alle bedrifter
Automasjon har opp gjennom åra fått læreplassar hos Årdalsbedriftene Norsun, Hydro og Bilfinger. Lerum og Nortura i Sogndal har også pleidd å ta imot lærlingar frå automasjon i Årdal. 

– Dei andre bedriftene pleier å ta inn ein lærling kvar. For oss er det kjempeviktig å få utplassert elevane våre. Det er synd at dei trappar ned, no som me er i knipe, seier Nordheim. 

Ho legg til at Anne Kauppi frå opplæringskontoret har gjort ein god innsats med å rekruttere nye bedrifter. 

– Me utfordra alle bedriftene til å ta imot fleire søkjarar. Om bedriftene no byrjar å stramme inn, så vil ikkje elevane søkje seg til oss om dei trur me ikkje klarar å skaffe læreplassar. Me er avhengige av at Hydro tek sin del av elevane slik at dei får fullført utdanninga si, seier Nordheim.

I tillegg til å ta imot lærlingar, har Hydro i Årdal også hatt ei tradisjon med å ta inn elevar til praksis i løpet av dei tre åra dei går på skulen.

 – Eg håpar inderleg at Hydro ombestemmer seg og tek inn fire elevar i år. Det er mange av elevane som vert ståande utanfor om dei ikkje gjer det, avsluttar ho.