Teknologien som vil endre liv
3D-printaren og avanserte robotar er blant nyvinningane som kjem til å endre liva våre.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Konsulentfirmaet McKinsey har i ein rapport kome fram til dei 12 teknologiske nyvinningane, som dei meiner vil ha mest å seie dei komande åra, melder Videnskap.dk.
Teknologien er valt ut med bakgrunn i grad av teknologisk endring, potensiale for utbreiing, økonomisk verdi, og potensiale for økonomiske ringverknader.
LES OGSÅ: Hundar er som born
Frå kommunikasjon til energilagring
Her er nokre av vidare- og nyutviklingane som ifølgje McKinsey vil påverke ditt liv dei komande åra:
– Stadig billegare og betre tilgang til mobilt Internett.
– Intelligente softwaresystem, som kan utføre kunnskapsarbeid.
– Sjølvstendige køyretøy, som kan fungere med litt eller ingen menneskeleg innblanding.
– Fornybar energi.
– Avanserte materialar, med unike og overlegne eigenskapar, som lette og funksjonalitet.
– Energilagring, einingar eller system som kan lagre energi til seinare bruk.
– Avanserte robotar, robotar med forbetra sansar, ferdigheiter og intelligens, som kan automatisere oppgåver eller hjelpe menneske.
– Cloud-teknologi, hard- eller softwareressursar via Internett.
– Ein ny generasjon genforsking.
– The Internet of things, nettverk av maskiner og sensorar til dømes til innsamling av data og overvaking.
– Avansert olje- og gassteknologi, som vil gjere oppdaging og utvinning av olje og gass meir økonomisk.
LES OGSÅ: Fann urgamal elg
3D-printaren
Ei anna teknologisk utvikling som vert løfta fram av McKinsey, er 3D-printaren. Den kan lage objekt ved å printe ut lag av materialar, basert på digitale modellar. Printaren opnar for heilt nye produksjonsmogelegheiter, ifølgje Thomas Skjødeberg Toftegaard ved Institutt for ingeniørvitskap ved universitetet i Århus.
– Det ser ut til at prisen på 3D-printarar har falle til eit nivå som gjer at dei kan nå ut til massene. Det kan innebere eit nytt produksjonparadigme, der ein kan produsere sine eigne produkt heime i garasjen, seier han til Videnskap.dk.
3D-printaren er allereie i bruk. Mellom anna melde NASA tidlegare i juli at dei saman med Aerojet Rocketdyne hadde testa delar av ein rakettmotor, som var laga ved hjelp av ein slik printar.
Etter den vellukka testen, melde NASA at 3D-printing kan tyde eit skifte både på jorda og i rommet. Kostnadar og tidsbruk knytt til produksjon vert kraftig redusert, og NASA ser føre seg å ein gong i framtida kunne printe ut reiskapar, motordelar, eller til og med heile romfartøy.
LES OGSÅ: Dødsfrykt i kvar bit