Slik går det om alle tissar i havet på same tid

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva gjer tissing i havet?

Om du ikkje aktivt har gått og grubla på dette spørsmålet, har tanken kanskje slått deg når badevêret ein sjeldan gong har vist seg fram denne sommaren. Du veit at fleire rundt deg tissar i vatnet – kanskje gjer du det òg sjølv – men korleis påverkar eigentleg det ditt badebesøk?

Danske videnskab.dk spurde ein forskar (lenkja fører til den norske versjonen av saka hos Forskning.no), og sette spørsmålet litt på spissen: Kva hadde skjedd om alle tissa i havet på same tid? Bli havet gult, varmare, eller stig havnivået?

LES OGSÅ: Frå piss til pils

Svaret kjem frå Max Salomonsson, førsteamanuensis i nyrene sin fysiologi ved biomedisinsk institutt ved Københavns Universitet.

For å sjå effekten av at alle tissar på likt, er det naudsynt med eit lite reknestykkje. Menneskjet tissar i snitt 1,5 liter kvar dag, og til saman er det 1,3 milliardar kubikkkilometer vatn i havet.

Med eit slikt volum vil urinet – 10,5 milliardar liter, om alle tissar det dei kan på likt – bli fortynna 130 milliardar gonger, om ein reknar med at alt blir fordelt jamnt.

Ei slik mengde vil ikkje ha stor effekt på verdshava, trur Salomonsson – men urin inneheld mineral og grunnstoff som gjer det til eit godt gjødsel.

Derfor – i tilfelle heile verda skulle tissa store mengder på same tid – vil konsekvensen vera ei oppblomstring av algar langs kysten, og livet i botnen kunne døydd av oksygenmangel.

Men havet blir ikkje gult eller giftig – derfor er det ikkje livsfarleg om naboen skulle tissa i fjorden under badeturen.

LES OGSÅ: Urin kan forvandlast til hjerneceller