Slepp fredagsmusikk på ein måndag

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredagsmusikk på ein måndag

Er det ein spesiell grunn til at du slepp låta «Fredag» på ein måndag?

– Hehe, godt spørsmål. Det er nok mest vanleg å sleppe musikk i starten av veka. Men det hadde vore veldig kjekt om nokon finn motivasjon ein måndagsmorgon til å gripa dagen og veka, av å høyra på låta, seier Eirik Sognnes.

Sjå musikkvideoen her!


Kan årets sommarhit bli ein nynorsk rockelåt?

Byrja som tiåring
Alt som tiåring spela Eirik Sognnes opp til dans i heimbygda Lærdal, med låtar som «Johnny B. Goode» og «I Got My Mojo Working». Femten år seinare gir han ut eigen musikk. Sjølv om musikken og publikummet er noko forandra, er han klar på kvar inspirasjonen kjem frå.

– På den tida gjekk det i blues og ein del norske coversongar. No spelar eg meir i retning pop og rock og publikummet er nærmare min eigen alder. Det er naturleg i det studentmiljøet eg har spelt i dei siste åra, seier Sognnes.

LES OGSÅ: Egil Olsen i verdsrommet

Musikken han vaks opp med høyrer han framleis på.

– Eg hadde ei mor som høyrde mykje på norsk musikk. Artistar som Bjørn Eidsvåg, Hellbillies og Gitarkameratene har eg vorte meir og meir glad i. Det er musikk eg alltid har hatt rundt meg, og tydeleg er blitt inspirert av.

Kjenner seg meir heime i nynorsk enn i engelsk
Sognnes har dei siste åra skrive ein eigen musikk. Han skriv på nynorsk og brukar dialekta aktivt i låtane.

LES OGSÅ: Heldig ulukkesfugl

– Eg forsøkte å skrive på engelsk, men fant ut at det var meir naturleg å skrive på nynorsk. Eg har fått eit anna forhold til språk og litteratur, og er nok meir glad i nynorsk no enn før. Språket er vakkert, det ser ein til dømes gjennom tekstane til Olav H. Hauge, som eg er svært glad i. Eg kunne aldri tenke meg å gå tilbake til engelsk. Det er norsk eg kjenner meg heime i, seier Sognnes.

Dialektar også i kommersiell musikk
Dei siste åra har det vorte meir vanleg med pop- og listemusikk på norsk, og også dialektar vert brukt aktivt. Artistar som Gabrielle og Kaizers Orchestra er kjenneteikna av nettopp dialekta. Men om dette er ein aktiv strategi for Sognnes er han ikkje sikker på.

– Eg ser nok ikkje føre meg at eg har ei så spesiell dialekt at det vert eit varemerke for meg.

LES OGSÅ: Lyden av sommarmånadane

Hadde det vore like enkelt for deg å syngje på norsk og dialekt om få andre gjorde det?

– Det hadde nok ikkje vore like lett, nei. Det er godt at nokon har brote bane før meg. Det er heilt klart positivt at fleire brukar språket. Det har kome utruleg mykje bra musikk på norsk i det siste, også på dei kommersielle arenaene.

Eit resultat av studentdugnad
Sognnes er busett i Volda der han dei siste åra har vore student. Å bu på ein liten stad gjer det utfordrande å byggje seg opp i musikkbransjen, men eit aktivt studentmiljø sørgjer for ein del fordelar.

– Studentmiljøet og dugnadskulturen her gjer at folk har lyst til å skape. Det er kort mellom folk og derfor ikkje vanskeleg å få eit godt nettverk. Då eg spelte under Den Norske Dokumentarfilmfestivalen her i år, vart eg kontakta av ein annan student som ynskte å lage musikkvideo. Det er mykje ressursar i studentane her. Også albumcover, foto og studioinnspeling er gjort i samarbeid med personar som har studert i Volda.

LES OGSÅ: Spleisar på LP-trykking

Bakdelen med å bu på ein liten stad er at ein står mykje aleine, utan ein musikkbransje å støtte seg til. Derfor må ein kanskje prøve og feile noko meir, når ein er involvert i alle prosessar og må gjere arbeidet sjølv, meiner Sognnes.

Held fram med å skrive på norsk
Til slutt, kvar er Eirik Sognnes om ti år?

– Om eg drøymer litt, så har eg heilt klart lyst å fortsette å lage musikk. Eg håper eg om ti år har gitt ut meir musikk, kanskje det vert eit album eller ein EP allereie neste år. Det er ein draum i alle fall.

– Er musikken på norsk også om ti år?

– Ja, eg har i alle fall ingen planar om å syngje på noko anna språk.

LES OGSÅ: Ei møy med meiningar