Sjøfuglar likar ikkje endring

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Endringar i vasstemperatur og mattilgang har truleg skulda for at nesten ein av tre sjøfuglar er vekke frå det norske fastlandet.

LES OGSÅ: Markus budde fire år åleine i skogen

For tida føregår det eit stort norsk overvakings- og kartleggingsprogram for sjøfugl som blir kalla SEAPOP.

Forskarane har gjennom dette oppdaga at sjøfuglar er glade i det gode gamle og skeptiske til endring.

– Sjøfuglar er veldig konservative dyr. Har eit par først slått seg til på ein stad, så blir dei der. Ungane deira kan flytte på seg. Men vi har ikkje sett noko skifte i utbreiingsområdet for nokon av artane, kanskje med unntak for havsulene som no har begynt å hekke på Bjørnøya, seier forskar ved Tromsø museum Rob Barrett til Forskning.no.

Han viser til at sjøfuglane som lever langt mot nord er svært fininnstilte på når næringa til dei nye ungane kjem nordover med havstraumane.

– Dukkar sildeyngelen frå Møre opp fjorten dagar for tidleg eller fjorten dagar for seint, kan det bli ein katastrofe for hekkinga i Nord-Noreg det året, fortel han.

Dersom det ikkje kjem sildeyngel frå Møre, vil det ikkje vekse opp lundefuglungar i Lofoten. Sjøfuglane kan fint overleve ein slik katastrofe dersom det skjer no og då, men dei er ikkje laga for å overleve slik ubalanse mange år på rad.

LES OGSÅ: Tett på meiselivet