Roten fisk mot røyksug

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det svenske populærvitskaplege tidsskriftet Forskning & Framsteg fortel at israelske forskarar utsette røykjarar for tobakksrøyk saman med lukta av roten fisk og rotne egg fleire gonger gjennom ei natt.

LES OGSÅ: Vil ha 20-årsgrense for kjøp av røyk

– Veka etter røykte dei om lag 30 prosent mindre, seier Anat Arzi, ein nevrobiolog ved Weizmann Institute i Rehovot i Israel, ifølgje Forskning & Framsteg.

Effekten skal vere størst under relativt overflatisk søvn. Den same behandlinga hadde ikkje verknad i vaken tilstand, men under søvn ser hjernen ut til å vere mottakeleg for å knyte lasta til ei kjensle av ubehag. (©NPK)

LES OGSÅ: Røykelova vert strengare