Rekordmåling for Senterpartiet

Med 9,3 prosent har Senterpartiet sitt beste resultat på 20 år, medan MDG fell ut av Stortinget.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Senterpartiet får ei oppslutning på 9,3 prosent på den siste målinga i DN.

Ikkje sidan Sentio starta med politiske meiningsmålingar for Dagens Næringsliv har Senterpartiet, som går fram med 1,3 prosentpoeng, samla så mange stemmer som på januarmålinga. Samtidig fell MDG ut av Stortinget.

LES OGSÅ: Senterpartiet med sitt beste kommuneval sidan 1995

Ulvesaka 
Partileiar Trygve Slagsvold Vedum peikar på både ulvesaka og den vedvarande sentraliseringskritikken mot regjeringa som to suksessaker for dei fremste politiske våpendragarane for distrikta og bøndene.

Les Are Kalvø: «Ulven gjer livet mykje betre for oss alle»

Meiningsmålinga er dårleg nytt for regjeringa av fleire grunnar. SV er på frammarsj – partiet aukar med 1,5 prosentpoeng til 5,1 prosent. På same tid er både Høgre og Framstegspartiet på tilbaketog. Høgre svekkjer seg med 0,5 prosentpoeng til 22,8 prosent, mens Frp går tilbake med heile 1,5 prosentpoeng til 12,1 prosent.

Når KrF og Venstre samlar høvesvis berre 5,4 (+0,6) og 4,3 (+0.9) prosent, får samarbeidskonstellasjonen i dag berre 75 mandat, langt mindre enn dei treng for å sikre fleirtal i Stortinget.

Raudgrøn regjering
Derimot ville Arbeidarpartiet, med sine 35,7 prosent (-1,1), hatt fleirtal saman med sine raudgrøne venner – men også i ei regjering utgått av Ap, Sp og KrF. Begge desse konstellasjonane ville fått 92 mandat samla, godt over minimumsnivået for fleirtal, 85 mandat.

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt får høvesvis 1,6 (-1,2) og 2,7 (+0,8). Raudt er dermed inne med to mandat, mens MDG er ute av Stortinget. Raudt har vore større enn MDG på mange ulike målingar  dei siste månadene.

Feilmarginen på målinga er mellom 0,7 og 3,6 prosentpoeng og størst for dei største partia.