Menn med låg utdanning lever lenger

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tala som viser dette vil bli lagt fram av Helsedirektoratet onsdag, skriv Dagsavisen.

Bjørn Heine Strand, seniorforskar i epidemiologi ved Nasjonalt folkehelseinstitutt, har forska på dødstal i befolkninga i ei årrekke. Han fortel at eitt av dei mest spennande funna som no viser seg i den mannlege delen av befolkninga, er at den negative trenden, som heilt sidan 60-talet har vist at dess lågare utdanning, dess kortare forventa levealder, har stoppa opp.

LES OGSÅ: Halvparten gjekk til helsesøster

– I over 40 år har det vore slik at forskjellane knytt til levealder og utdanning stadig er blitt forverra. Dei sosiale forskjellane har auka. For første gong ser vi no at den negative utviklinga har stagnert, seier han til Dagsavisen.

Tal frå 2005 viser at for norske menn med universitets- og høgskuleutdanning er forventa ein levealder på 81,8 år. For menn med berre grunnskule er levealderen 74,5 år, meir enn sju år kortare. For kvinner er tilsvarande tal 85,8 år for høgt utdanna, og 80,6 år for lågt utdanna.

Marta Ebbing, avdelingsdirektør i Nasjonalt folkehelseinstitutt, seier betringa vi no ser i levealder kjem av mindre røyking, betre behandlingsmetodar, betre kosthaldsråd og større tilgang på sunn mat.

LES OGSÅ: Fleire unge røykjer og snusar