Meir innvandring med Frp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nokre bakgrunnstal før den nye innvandringsavtalen mellom regjeringa og KrF og Venstre: I 1970 var 1,3 prosent av folkesetnaden i Noreg av utanlandsk bakgrunn. 1. januar 2013 var det same talet 14 prosent. Då var det 593.000 innvandrarar med permanent opphaldsløyve i Noreg og 117.000 norskfødde med innvandrarforeldre. Auken frå året før var på 55.300, den raskaste tilveksten nokon gong.

I 2012 vart det fødd 60.600 born i Noreg, 52.000 av desse hadde etnisk norske foreldre. I 2012 døydde det 43.000, stort sett alle desse var etnisk norske. Då vert det norske folkesetnadoverskotet om lag 9000, innvandringsoverskotet var altså 55.300. Det tyder at den samla veksten var på 64.000 menneske. Jamvel om vi tek høgd for at nokre av dei som døydde, hadde utanlandsk bakgrunn, var innvandringsveksten i folkesetnaden seks gong-er så høg som den etnisk norske veksten, reelt sett truleg høgre sidan nettoverskotet på innvandring ikkje seier noko om kor mange nordmenn som flytte frå Noreg. I tillegg kjem alle dei som ikkje har permanent opphaldsløyve, men som er her likevel.

Veksten heldt fram i 2013. I fjor, seier UDI, fekk 33.900 frå land utanfor EØS opphaldsløyve; det er rekord. 35 prosent fekk koma gjennom familie-innvandring, 11.900, som òg er rekord. 65 prosent av asylsøkjarane fekk opphald, som også er rekord. I tillegg fekk 12 prosent av dei som klaga på avslag, opphald etter klageprosessen. Dei to største gruppene som fekk asyl, var eritrearar (2200) og somaliarar (1300), sistnemnde fekk òg flest familieinnvandrarar, i hovudsak gjennom henteekteskap (1300).

Oppsummert: Noreg er per dags dato det landet i verda som relativt til folketalet gjev flest permanente opphaldsløyve av alle statar. Vi er no verdas fremste innvandringsland og veks like raskt som India, 1,3 prosent i året. Om dagens nettoinnvandring held seg, vert vi 15 millionar menneske før hundreåret er over. Går nettoinnvandringa ned til 30.000 per år, vert vi 13 millionar, seier SSBs framskriving av folkesetnaden. Vi har no ei større nettoinnvandring enn USA har hatt nokon gong etter borgarkrigen.

LES OGSÅ: Barnas beste skal telje meir

Grunnlaget for Frp
Same kvar ein måtte høyra heime på den politiske skalaen, så kan vi vera samde om att dette er ei relativt dramatisk endring på relativt kort tid. Og her ligg nok lykelen til Frps suksess, for jamvel om partiet har gått frå å vera eit liberalistisk lågskatteparti til å verta eit populistisk utgiftsparti, så har dei i meir enn tretti år no vore ein konsekvent motstandar av masseinnvandring. Det såg vi seinast i valkampen då partiet «lak» ein stor innvandringsrapport, som faktisk må seiast at heldt eit relativt høgt fagleg nivå.

Konklusjonen der var at Noreg ikkje har råd til både ein stor velferdsstat og ei stor innvandring. Rapporten viste mellom anna til SSBs innvandringsrekneskap, som syner at ein gjennomsnittleg innvandrar frå den tredje verda generelt kostar statskassa 4,1 millionar kroner gjennom livet og ein somaliar spesielt vel 9 millionar. Den same rekneskapen syner elles at gjennomsnittsnordmannen går med store overskot. Konklusjonen til Frp var at det måtte koma ei knallhard innstraming i innvandringa.

Frp fekk òg laga ei meiningsmåling om norsk innvandringspolitikk i regi av Sentio. Målinga synte at 1 prosent ynskte at innvandringa skulle auka mykje, 5 prosent at ho skal auka noko. 32 prosent ynskte at innvandringa skulle vera på dagens nivå, medan heile 59 prosent ville at ho skulle reduserast. Mellom dei som sa dei skulle røysta Frp, var det heile 96 prosent som ynskte ein stramare innvandringspolitikk. I den same rapporten gjekk Frp inn for ei mengd tiltak som dei hevda ville redusera innvandringa kraftig. Førre fredag kom svaret i form av ein innvandringsavtale mellom regjeringspartia Frp og Høgre på den eine sida og støttepartia Venstre og KrF på den andre. For å draga konklusjonen med ein gong: Det er svært vanskeleg å sjå nokon innstramingstiltak, derimot finst det fleire liberaliseringar av det norske innvandringsregimet. Lat oss sjå nærare på avtalen.

LES OGSÅ: Eit asylregime utan balanse

Avtalen
Hovudgrunnen til den høge innvandringa frå land utanfor EØS er asylordninga, som på si side løyser ut familieinnvandring. I fjor fekk altså 1300 frå Somalia asyl i Noreg, samstundes kom det 1300 på familieattforeining, i hovudsak gjennom ekteskap. Desse att får born som så kan henta ektefelle og så bortetter. Eit døme på denne dynamikken er pakistanarane i Noreg. Før innvandringsstoggen i 1975 var det om lag 4000 med pakistansk bakgrunn i Noreg; no er det om lag 35.000. Etter 1975 har knapt nokon pakistanar fått asyl i Noreg, veksten har kome gjennom familie-innvandring. Men avtalen har inga ny avgrensing i asylinstituttet.

Derimot skal det verta lettare å få opphaldsløyve for barnefamiliar som har vore lenge i Noreg: «barns tilknytning til riket [skal] tillegges særlig sterk vekt», som det står i avtaleteksten. I tillegg vert det etter visse vilkår gjeve eit amnesti for barnefamiliar som har vore lenger enn tre år i Noreg. Dette vil føre til at barnefamiliar freistar unngå utsending så lenge som råd. Som tidlegare statssekretær frå Ap med ansvar for innvandringspolitikken Pål Lønseth sa det i fjor haust i eit intervju med Minerva: «I dag er det ingen barnefamilier som returnerer. Det vil de heller ikke gjøre om man svekker returordningen.»

Det skal i utgangspunktet òg verta lettare å få opphald for folk som høyrer til religiøse eller seksuelle minoritetar. Noreg skal søkja å samordna regelverket sitt med FNs retningsliner. Det er vanskeleg å seia korleis dette vil slå ut sidan det er svært vanskeleg å vita kva religion eller seksuell legning folk reelt sett har, men truleg er dette også ei liberalisering sidan kontroll er svært vanskeleg. Her handlar det om kva sakshandsamarar i UDI trur eller ikkje trur i møte med på–standar.

LES OGSÅ: Visst har vi råd til å hjelpe

Innstramingane
Men ja, det kjem innstraming-ar på feltet, men desse råkar berre dei som ikkje har rett til asyl og ikkje har fått eller får opphaldsløyve i Noreg. Det skal verta raskare retur, nokre fleire kan internerast, og sakshandsaminga for grunnlause skal kortast ned. Det skal òg arbeidast hardare med å avklåra identitet, men dette råkar altså berre dei som under dagens regime er grunnlause asylsøkjarar. Det kan vera at dette fører til at nokre færre vil søkja asyl i Noreg, men det kjem framleis til å vera slik at stort sett alle frå Syria, Somalia og Eritrea, dei tre største gruppene i fjor, får opphald.

Som nemnt er den største grunnen til innvandring frå land utanfor EØS familieinnvandring. Frp seier at det no vert vanskelegare å få innvandra til Noreg via familieattforeining. Det er vanskeleg å sjå at dei har rett. Det er to innstramingar i regelverket: Den eine er at du må vera 24 år for å henta ein ektefelle til Noreg, den andre er at inntektskravet for å henta ektefelle går opp frå 236.000 til 297.000, eller lønssteg 24 på statens regulativ. Men dette er krav som i praksis berre gjeld norske statsborgarar med vanleg tilknyting til arbeidslivet.

Unnataka frå desse reglane er svært mange og svært om–femnande, og dei vert ikkje strama inn. Alderspensjonistar og permanent uføretrygda er frå før unnatekne kravet om lønsinntekt, slik skal det halda fram med å vera. I den innvandringsgruppa som henta flest ektefellar frå utanfor EØS i fjor, somaliarar, arbeider berre 15 prosent heiltid, dei er altså dei einaste som kan henta ektefellar på basis av inntekt, likevel fekk dei fleste somaliarar ja til å henta ektefelle i fjor. Slik er det fordi alle som får flyktningstatus, asyl, i Noreg er unnatekne krava om inntekt og alder. Det er berre éi gruppe av dei som får opphald gjennom asylsøknad, som vert råka av inntektskrav og aldersgrense, det er dei som får opphald på humanitært grunnlag. I fjor fekk 5800 av dei som søkte asyl eller opphald som flyktning-ar, opphald, berre 300 av dei på humanitært grunnlag. I tillegg kjem kvoteflyktningane, alle dei er unnatekne kravet om inntekt og alder.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

Nye hol
24-årsgrensa får også ein del nye hol. Det vert gjeve unnatak for dei som openbert kan forsyrgja seg sjølve eller er friviljuge kjærastar. Korleis denne siste regelen skal kunna praktiserast, er det vanskeleg å sjå føre seg. Korleis sjekkar ein kjærleik? Siv Jensen seier òg at avtalen om aldersgrense vil redusera talet på tvangsekteskap, det er vanskeleg å sjå korleis ho kan grunngje den på–standen. I 2012 vart det berre inngått litt over 200 ekteskap mellom personar med opphaldsløyve i Noreg og personar utanfor EØS der den norske parten var under 24 år, ein liten brøkdel av alle slike ekteskap.

Regelen er henta frå Danmark, men der fungerer han på eit heilt anna vis sidan han er knytt til kor lenge ein har opphalde seg i Danmark. Ingen mellom 24 og 28 år utanfor EØS får opphald i Danmark om den samla butida utanfor Danmark for paret til saman er større enn den samla butida i Danmark. Dette regimet har Danmark av di dei ikkje vil at kulturar som praktiserer tvangs- eller arrangerte ekteskap, skal senda borna ut av landa for å verta gifte der. Nokon slik regel er det ikkje i det norske avtale-verket. Ein kan altså senda sonen eller dottera ut av Noreg for å stifta familie der og så koma attende når ein er 24 år og henta resten av familien hit.

Avtalen opnar òg opp for såkalla kjærleiksvisum, som vert ei ny ordning. Dette opnar for at folk med opphald i Noreg kan henta ein person til Noreg utan at det er planar for ekteskap eller truloving. Igjen vert spørsmålet korleis ein definerer kjærleik, og korleis ein skal finna ut om den eventuell er reell.

Kort sagt: Samla sett representerer avtalen ei oppmykjing på fleire felt og ei innstraming for dei som i utgangspunktet ikkje har rett til opphald i Noreg. Avtalen skal gjelda for heile stortingsperioden.

LES SAKA I DAG OG TID!