≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Media, Nynorsk, NRK, Journalistikk

Mediemålpris til Sølve Rydland

NRK-journalist Sølve Rydland (33) er tildelt Alf Helleviks mediemålpris for 2017.

NPK
tysdag 25. april 2017 11.25

Mediemålpris til Sølve Rydland NRK-journalist Sølve Rydland har fått mediemålpris for den stødige nynorskbruken sin. Foto: NRK Hordaland

Rydland kjem frå Knarvik utanfor Bergen og har vore knytt til NRK Hordaland som tilkallingsvikar, journalist, kommentator, vaktsjef og reportasjeleiar sidan han gjekk på Nynorsk mediesenter i Førde i 2005/2006. I dag arbeider han som digitalhistorieforteljar og nettjournalist ved distriktskontoret.

– Rydland er ein god og allsidig journalist. Nynorsken er stødig i alle situasjonar, og han er eit godt språkleg forbilde for kollegaer og lyttarar. Nynorsk, spesielt normert talemål, er under press, og Rydland bidrar til å dempe dette presset, skriv prisutdelar Samlaget om prisvinnaren i ei pressemelding.

Prispengane på 25.000 kroner får Rydland overrekt under årsmøtet i Det Norske Samlaget i Oslo 27. april.


Oppdatert: tysdag 25. april 2017 11.27
Kommentarar



 
ANNONSE: