– Må fordjupa seg i lærefag frå starten
Byggjebransjen vil ha nasjonale sentra for byggfag.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Byggenæringens Landsforbund krev omlegging av yrkesutdanninga for å få gode nok røyrleggjarar, tømrarar og forskalingssnikkarar for å byggja Noreg. For eitt år sidan la dei fram forslag for å endre fagplanane i vidaregåande opplæring slik at elevane lærer det som 15 bransjeforeiningar og 4.000 bedrifter ventar at elevane skal kunne når dei får læreplass.
Den uroa bransjen kjenner på blir stadfesta av ei evaluering av den fem år gamle læreplanen i Kunnskapsløftet. Fråfallet held fram, rekrutteringa til yrkesfaga sviktar og fleire skuletilbod blir lagt ned, ifølgje Forskingsstiftinga Nifu.
LES OGSÅ: – Mange høve for lærlingar i elektro
– Vi krev at det blir mogleg for elevane å konsentrere seg om eit lærefag alt det første året i vidaregåande skule i staden for å bli introdusert for ei rekkje små fag. Det lærer dei lite av, får inga forståing av faga, og mange kjedar seg fordi dei ikkje kjem i gang med det dei har lyst til, seier direktør Jørgen Leegaard i Byggenæringens Landsforening til Aftenposten.
Leegaard meiner at det hastar med å få gjort noko med dette, og seier til avisa at det må byggjast opp enten nasjonale eller regionale sentra for å samle kunnskap og få gode faglærarar. (©NPK)