Løft blikket, Riksmålsforbundet!

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget var først publisert i Dagbladet.

Torgeir Dimmen frå Nynorsksenteret svarar Riksmålsforbundet godt på lesarbrevet i avisa måndag.Dimmen peikar på det me heller burde diskutera, nemleg kva som vil vera ein offensiv språkpolitikk. Kulturminister Widvey har fleire gonger det siste året meldt at Kulturdepartementet arbeider med ei ny språklov. Dette burde opna for ein større debatt om korleis me vernar og styrkjer både dei to norske språka, og samisk, kvensk, romani og romanes. 

Riksmålsforbundet legg mest vekt på at dei ynskjer mindre nynorsk i offentleg forvalting og har brukt dei siste månadene på å argumentera for å svekkja dei språklege rettane til nynorskbrukarane. Det er særleg to område der Riksmålsforbundet no meiner nynorsken har fått for stort rom. Det eine er at staten svarar på brev på innbyggjarane sitt eige skriftspråk, og det andre er prosedyrane om val av skriftspråk i fylka.

LES OGSÅ: Riksmålsforbundet: – Målforma som 90 prosent nyttar hamna i skuggen

Riksmålsforbundet meiner det ikkje lenger skal vera slik at innbyggjarane skal få svar frå staten på det språket han eller ho vender seg til staten på. Der gjeldande lov hegnar om dei språklege rettane til innbyggjarane, set Riksmålsforbundet den personlege språkpreferansen til den einskilde byråkraten høgast.

Vidare meiner forbundet at «målformen for statsansatte innen et fylke ikke skal avgjøres ut fra hvilken målform flertallet av kommuner i fylket velger, men ut fra målformen for flertallet av innbyggerne». Problemet er at me ikkje registrerer slikt på individnivå i Noreg. Difor veit me ikkje kor mange nynorskbrukarar som finst i Bergen eller kor mange bokmålsbrukarar det er i Granvin. I dag medfører lova at nynorskbrukarar i Hordaland skal kunna få møta nynorsk i skriftleg materiale frå fylket og regionale statsorgan, medan nynorskbrukarar i Oslo eller i Lillesand mest truleg må oppsøkja skriftspråket sitt aktivt om dei i det heile skal få møta det. Makttilhøvet mellom dei to språka våre er skeivt. Medan bokmålet finst overalt, er nynorsken stengt ute frå store delar av ålmenta. Til dømes tillèt ingen av dei store riksavisene nynorsk på redaksjonell plass, og ei ny undersøking frå Nynorsk kultursentrum syner at norsk reklamespråk nesten utelukkande er bokmål. 

LES OGSÅ: – Politiet skal følga mållova
 

Staten har eit ansvar for å ta vare på og hegna om dei to norske språka våre. Skal eit språk bli brukt og vera levande, må det bli sett og lese. Mållova er i dag eit verkty for at det skal skje, og Språklova vil verta det i framtida. Ho bidreg såleis til å produsera eit minimum av nynorsktekst i havet av bokmålstekst, slik ansvarlege fleirspråklege statar med ein god språkpolitikk gjer, ikkje berre i Noreg, men òg i andre fleirspråklege land i Europa.

Nynorsk har ein rettkomen plass ved sida av bokmål. Ikkje minst har han andre politiske behov enn bokmål. Det er tverrpolitisk semje om at dei mindre brukte språka i Noreg treng andre tiltak enn bokmål, fordi bokmål er majoritetsspråket med all den status og all den makt det gjev det. Eller som stortingsmelding 35 Mål og meining (2008) uttrykte det: Ei viss positiv diskriminering av nynorsk er rimeleg både ut frå allmenne rettferdsprinsipp og med basis i internasjonal språkrettstenking. Ulike tiltak i offentleg regi vil likevel berre delvis kunna vega opp for dei særlege motkreftene som nynorsk i alle høve vil vera utsett for jamført med bokmål.

LES OGSÅ: Sidemålsforsøk – igjen

Riksmålsforbundet argumenterer stadig for færre språklege rettar til nynorskbrukarane. Eg ynskjer meg heller ein debatt om kva som faktisk vil vera ein offensiv språkpolitikk som styrkjer alle språka i Noreg. På den banehalvdelen er Riksmålsforbundet sjeldan å sjå.