Like mange blir mobba
Men lærarar bruker mindre tid til å få ro i klasserommet, og elevane melder sjølv om meir ro i Elevundersøkinga 2012.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nesten 30.000 elevar svarar at dei blir mobba fleire gonger i månaden.
– Vi er glade for å sjå den positive tendensen til at det blir mindre bråk og uro, men me er ikkje nøgde med at mobbetallene framleis er uendra, seier Anne Berit Kavli, avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet i ei pressemelding.
I Elevundersøkinga får elevane høve til å seie meininga si om læring og trivsel på skulen. I vår har 380.000 elevar svara på Elevundersøkinga.
– Undersøkinga gjev klår melding frå elevane: god klasseleiing, tydelege skoleeigarar og vaksne som bryr seg bidreg til ein tryggare skulekvardag og eit godt læringsmiljø, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.
6,8 prosent av elevane opplever å bli mobba to til tre gonger i månaden eller oftare. Denne delen er uendra samanlikna med tidlegare år. 2,8 prosent av elevane svarar at dei mobbar andre to til tre gonger i månaden eller oftare.
LES OGSÅ: – Ta ansvar når du høyrer om mobbing
Mindre bråk og uro
Færre elevar svarar at lærarane må bruke mykje tid på å få ro i klassa. Denne positive tendensen held fram frå i fjor, når me ser på perioden 2007-2012. I same periode er det færre elevar som oppgjev at dei forstyrrar andre elevar.
Nær 27.000 elevar svarar at dei er heilt einige i at dei ofte blir forstyrra av andre elevar. 67.000 er heilt ueinig i dette.
LES OGSÅ: Mobbemanifest – berre til pynt?
Mindre digital mobbing
I år er det første gongen ein har spurt elevane om digital mobbing. Analysen viser at det er færre elevar som er involvert i digital mobbing sett i tilhøve til «tradisjonell» mobbing.
Gutar oppgjev oftare enn jenter at dei er digitalt mobba, og det blir vanlegare å bli mobba fram til 10. trinn. På vidaregåande blir det igjen færre som blir mobba over nettet eller på mobilen.
Elevar som blir mobba opplever mest mobbing frå medelevar i klassa, deretter frå andre elevar på skulen.
LES OGSÅ: Skulane sviktar mobbeoffera
Diskriminering
Elevane på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring er spurt om dei er vorte utsett for urettferdig handsaming eller diskriminering på fem ulike område: kjønn, funksjonshemming, nasjonalitet, religion eller livssyn, og seksuell orientering.
7,2 prosent av elevane oppgjev at dei har vore diskriminert på minst eitt av desse områda to til tre gonger i månaden eller oftare.
LES OGSÅ: – Mobbekampanjar er bortkasta