Lever lengre med eit mål i livet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forlenger livet med fleire år

– Funna våre peikar mot at å finne ei retning i livet og setje seg overordna mål for kva du vil oppnå, faktisk kan hjelpa deg å leva lenger, uavhengig av når i livet du finn di meining, seier forskingsleiar Patrick Hill ved Carleton University i Canada, ifølgje nettstaden Science Daily. 

Saman med kollega Nicholas Turiano ved University of Rochester Medical Center har forskaren samanlikna dødeligheit, med svar om meining i livet og andre psykiske faktorar frå 6000 amerikanarar. Resultatet er publisert i fagtidsskriftet Psychological Science.

LES OGSÅ: Menn med låg utdanning lever lenger

Overraskande funn
I løpet av ein 14-årsperiode døydde 569 – om lag 9 prosent – av deltakarane i spørjeundersøkinga. Dei som døydde rapporterte om mindre meining i livet og færre positive relasjonar, enn dei som levde lenger.

Ein observasjon som overraska forskarane var at ei kjensle av meining i livet førte til lågare dødelegheit, uavhengig av kva aldersgruppe personane var i. Både blant dei yngre, middelaldrande og eldre deltakarane var det høgare dødelegheit blant dei rapporterte at dei ikkje hadde konkrete mål og meining i livet.

Hill meiner det er mange grunnar til at det å vere målretta kan beskytte eldre menneskjer i større grad enn yngre. Ein grunn kan vere at ein i større grad treng ei kjensle av retning i livet etter å ha gått av med pensjon og missa ein naturleg struktur på dagen. I tillegg er eldre gjerne meir utsett for dødelegheit enn yngre, peikar forskaren på.

LES OGSÅ: Me er lukkelege, trass skulen og helsa

Jo før, jo betre
Om personane var pensjonerte eller i arbeid hadde ikkje nokon effekt på dødelegheita. Positive relasjonar viste seg òg å vere mindre viktig for dødelegheita enn ei kjensle av mål og meining i livet.

– Jo tidlegare nokon finn ei retning i livet, jo tidlegare vil desse beskyttande effektane kunne verke, seier Hill.

Forskarane går no vidare med å undersøkja om det å ha ei målsetting i livet kan føra til at ein vel ein sunnare livsstil, og difor lever lenger.