– Lett å ta skylappar på

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg møtte ei jente som hadde mista mannen sin for tre år sidan. Ho visste ikkje om han var død eller levande, fordi han vart kidnappa. Ho var 18 år gamal og ville ikkje finne seg nokon ny mann. Ho levde i trua på at ho ville få mannen sin attende, for ho elska han, fortel Gabrielle Leithaug til Framtida.

LES OGSÅ: På flukt med fotoapparat

Ambassadør-arbeid
Det er mange minner og inntrykk å sortere.

I februar fekk bergensartisten vere med Kirkens Nødhjelp på ein seksdagars tur til fleire flyktningeleirar i Libanon. Som Kirkens Nødhjelp-ambassadør skal ho vere med å fronte årets fasteaksjon, der 40.000 norske ungdommar går dør til dør og samlar inn pengar til menneskjer i naud.

No er Gabrielle attende i Oslo by, ein stor kontrast til då ho gjekk rundt mellom presenningstelt og møtte folk på flukt frå borgarkrigen i Syria. I Bekadalen, førtifem minutts køyretur frå hovudstaden Beirut, har mange menneskjer fått ein midlertidig heim. Dei er offer for ein krig som berre varer og varer. Tre år er gått sidan borgarkrigen braut ut.

LES OGSÅ: Engasjementet gir han styrke

Ser mørkt ut
2,5 millionar menneske, rundt halvparten born, er driven på flukt frå Syria. 6,5 millionar er på flukt i eige land, ifølgje FN.

Libanon, Jordan, Tyrkia, Irak og Egypt, har teke imot 97 prosent av alle syriske flyktningar, ifølgje Aftenposten.

I Libanon, eit land på geografisk storleik med Aust-Agder, som har rundt 4,5 millionar innbyggjarar er det no over ein million flyktningar. Det er ei stor belastning for ting landets infrastruktur og skular.

FN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR) uttrykte nyleg uro for landet, som har den største flyktningstraumen i forhold til storleiken. FN har bedt gjevarland om 10 milliardar kroner, men har til no berre fått 13-14 prosent av summen.

400.000 syriske born på flukt er i skulealder. Det er meir enn talet på libanesiske elevar i offentlege skular. 100.000 syriske born er teke inn i libanesisk skulevesen, som fyllast opp.

– Om ikkje dette landet får støtte, kan det bryte heilt saman og utsikten til at Syria-konflikten skal spreie seg, er mykje meir sannsynleg, uttala Ninette Kelley som er UNHCRs utsending i landet til nyheitsbyrået Reuters.

Før Gabrielle reiste ned til Libanon hadde ho høyrt mykje om konflikten, som ho no forstår konsekvensane av enno betre.

– Det er ein katastrofe det er snakka mykje om, men det er lett for at ein tek skylappar på, fordi ein ikkje orkar å ta stilling til det, seier bergensartisten Gabrielle Leithaug.

– Eg klarer ikkje å begripe korleis det går an. Det er grusamt vanskeleg å få hjelp inn i Syria og det er lett å bli oppgitt. Det ser mørkt ut i konflikten.

LES OGSÅ: Færre land skal få norsk bistand

Lyspunkt
Gabrielle vil vere augevitne. Det ho har sett i flyktningleirane i Libanon gjev håp.

– Menneska der hadde eit ekstremt samhald og mot. Dei la seg ikkje ned for å dø. Dei håpte på å få kome tilbake til landet sitt. Det var ein ekstrem gjestfridom som varma, og eg følte meg veldig velkommen.

– Det er verkeleg så fjernt frå ditt eige tilvære, som du kan tenkje deg. Her me kjem frå er folk så ukjente med svolt og katastrofe.

LES OGSÅ: Syriske studentar i krig

Frå kvardag til flukt
Ho prøvde å skrive dagbok, men kom ikkje gjennom den første dagen. Det var rett og slett for mykje.

Inntrykka var ein ekstrem kontrast frå trygge Noreg, samstundes som ho tenkte på at dei ho møtte kanskje har hatt ein liknande kvardag som ho sjølv, før dei flykta. Ho møtte lærarar, legar og farmasøytar, som hadde rømt frå livet sitt. Dei hadde gode jobbar.

Born som leika og lo, sjølv om dei var sjuke.

– Dei er vanlege menneske som prøver å få dagane til å gå og oppretthalde sjølvrespekten sin. Sjølv om det var mykje skitt der, prøvde dei å halde det fint og ryddig inne i telta sine. Dei hadde ikkje så mykje ting og det var gjerne femten stykk som budde i eitt telt.

Møter med syriske mødre, som freista å leve som før, gjorde sterkt intrykk. Foto: Greg Rødland Buick/ Kirkens Nødhjelp

Barnemat
Ho møtte ei mor med åtte born, der den yngste var åtte månader og svært underernært.

– Ungane veit ofte ikkje at dei er sjuke og spring rundt og leikar i driten, rett og slett.

Heldigvis fekk ho og sjå at hjelpa nyttar.

– Kirkens Nødhjelp har satt opp helsestasjonar der dei målar og vegar borna. Der får dei utdelt små næringsrike pakkar kalla Plumpy’nut. Eg fekk smaka litt, det smaka peanøttsmør, seier artisten og legg til:

– Eg trur mange tenkjer at det ikkje er noko dei kan gjere og at hjelpa ikkje når fram. Det er vanskeleg å forstå at dei 200 kronene ein sender med ei tekstmelding kjem fram.

Bergensaren kan til tider verte fortvila over kommentarane ho har sett på nett, om at det ikkje nyttar å hjelpe.

LES OGSÅ: «Ei krise om gongen, takk!»

Må ikkje sløve
Synet av flukt er ikkje noko ein gløymer. Og Gabrielle meiner at å gløyme ei slik langvarig katastrofe er farleg.

– Det kan fort verte bakgrunnsstøy. Så kjem andre katastrofar og tek overskriftene. Me må vere på vakt og ikkje sløve på den måten. For media fortel ikkje om verda frå dag til dag.

Òg sjølv om ho sjølvsagt er ambassadør i kraft av sin kjendisstatus, ville ikkje Gabrielle reise som artist, men menneske.

– Eg håper ikkje det er eit blaff. For ein har jo sett det før: Kjendisar som poserer med svoltne born.

LES OGSÅ: Her er årets mest skadelege innsamlingsvideo

http://media3.origo.no/-/cache/image/2594279_hc2787338e51a6dc1151d_v1396449862_647x.jpeg

Impulsiv musikk vart turens høgdepunkt for artisten. Foto: Greg Rødland Buick/ Kirkens Nødhjelp 

Kraftfull musikk
Trass i at det ikkje var ei musikalsk reise ho var ute på saman med Kirkens Nødhjelp var det ei musikalsk oppleving som vart høgdepunktet.

– Me gjekk gjennom leiren med nokre trommer og då flokka folk seg rundt oss. Me vart invitert inn i eit telt med sikkert 50 menneskjer. Borna spelte og song og då såg du ei gneist i dei. Dei gløymte kvar dei var og var ein augneblink tilbake i klasseromma.

Det er ei aldri så lite gneist i augo til Gabrielle, når ho fortel dette.

– Musikk betyr veldig mykje for meg og er slik ei sterk kraft. Det er spesielt å sjå.

Tru var ein annan ting Gabrielle såg at var eit lyspunkt i mange sin kvardag.

– Det var godt å sjå at dei klarte å løfte blikket. Dei har jo ei veldig sterk tru, og sa at: Om Gud vil det, skal me tilbake.