Kven bryr seg om Sametinget?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg tykkjer Sametinget kunne verte flinkare til å kommunisere kva dei gjer. Det ein høyrer gjennom media er gjerne at dei har for lange lunsjpausar og at byråkratiet går treigt, så dei kunne nok ha jobba litt med omdømmet sitt, seier Aslak Heika Hætta Bjørn.

Som nyleg avgått styremedlem i Natur og Ungdom har han eit visst innblikk i kva som skjer i det samiske parlamentet, men det er ikkje alltid sakene kjennest like relevante for den politisk engasjerte 22-åringen i Oslo.

Han løftar fram kulturarbeidet til Sametinget som særleg positivt, og understrekar at eit samisk parlament har ein viktig symboleffekt for den samiske identiteten.

QUIZ: Kva veit du om samar og samisk kultur?

Meir relevant språk
Samfunnsforskar Kristin Strømsnes ved Universitetet i Bergen er einig i at det kan vere vanskeleg å følgje med i samepolitikken når ein bur langt borte frå det samepolitiske sentrum.

– For dei fleste samar i sør er det nok snakk om eit mindre politisk konkret engasjement. Det vil seie at det handlar meir om å støtte opp om det samiske enn om den konkrete politikken som vert ført, forklarar forskaren, som i desse dagar er aktuell som medforfattar av boka «Den samiske medborgeren».

– Her er det òg ei utfordring for Sametinget å gjere seg relevant for samar i sør, noko som nok er lettare for nokre politikkområder, som til dømes språkpolitikken, enn det er det på andre områder, trur Strømsnes.

LES OGSÅ: – Enklare å bruka samisk på sosiale medier

Samisk avtrykk
Leiar i den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh, Helge Aslaksen Ravna, meiner det ikkje er tvil om at Sametinget har eit omdømmeproblem.

– Eg får ofte spørsmål om ikkje Sametinget berre er eit stort pengesluk. Slik ser folk ofte på byråkratiet og det er vanskeleg å gjere noko med. Eg trur det er viktig å få fram at det faktisk er eit samisk parlament som samane stemmer på, meiner Noereh-leiaren.

Ravna, som sjølv er same busett i Oslo, meiner Sametinget klarer å sette eit kulturpolitisk preg på kvardagen til samar i hovudstaden mellom anna gjennom eigarskap i Samisk hus.

– Elles kjem det lite fram kva dei driv med. Mykje av det – som saker om primærnæringar i nord – er mest relevante i dei kjernesamiske områda. Dei er flinke å kommunisere gjennom eigne medier og den samiske delen av NRK. Men det er eit problem at dei nasjonale mediene ofte ringer fylkeskommunen framfor det offisielle parlamentet, meiner Ravna.

LES OGSÅ: Snakk samisk t’ mæ

Skremmande saksdokument
Sametingspolitikar Sandra Màrjà West (Norske Samers Riksforbund) meiner det er viktig at Sametinget har representantar frå ulike valkrinsar som løfter fram saker som er relevante for dei.

Ho har inntrykk av at samiske barnehagar, undervisning og eldreomsorg fengjer breitt.

– Tykkjer du Sametinget er flinke nok til å kommunisera kva dei driv med?

– Nei, der har me nok ein veg å gå. Me politikarane som sit der veit jo godt kva som føregår, men for den jamne same rundt om i Noreg trur eg det kan vere vanskeleg å følgje med når ein må inn på Sametinget sine nettsider og lese eit saksdokument på 60 sider på eit ukjent fagspråk, svarar West, som nettopp difor meiner det er viktig at ho og andre samiske politikarar er flinke å fortelje kva dei gjer.

LES OGSÅ: Dei grøne vil ha fri på samedagen

Politikarar på sida
– Mitt inntrykk er at den samiske kulturpolitikken fengjer i majoritetssamfunnet fordi det er ganske ufarleg. Det er konkret og tydeleg og kan ofte knytast til kjende personar. Når det kjem til samiske rettigheiter til land og vatn vert det meir problematisk, seier West, som tykkjer det er positivt når nasjonale medier tek tak i samisk politikk.

Ho har full forståing for at byråkratiet kan verke trått og forklarar at Sametinget har veldig mange ulike oppgåver, i tillegg har dei fleste Sametingspolitikarane fulltidsjobbar ved sida av vervet.

– Men det nyttar ikkje kor mykje bra me gjer, om ingen veit om det, avsluttar ein av dei yngste representantane på Sametinget.

Faktaboks

Sámediggi – Sametinget

Består av 39 representantar frå sju valkrinsar

Oppretta 12. juni 1987

Offisielt opna 9. oktober 1989, etter det første sametingsvalet

Sametingsvalet skjer parallelt med stortingsvalet kvart fjerde år

Oppgåvene til Sametinget er mellom anna å styrka samane si politiske stilling og fremja samiske interesser i Noreg

Ein har ikkje sikre tal på kor mange samar som bur i Noreg, men anslår at det er kring 55.000

Før valet i 2013 var i overkant av 15.000 samar registrerte i samemantalet

2247 av desse var registrert på Austlandet – hovudsakleg i Oslo

Kjelde: SNL, Sametinget