Kårar beste Bowie-låt på nynorsk
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Litteraturarrangementet LittLarm, som går føre seg under festivalen, sparkar i gang ein konkurranse der dei inviterer lekmann og lærd over heile landet til å skrive den beste gjendiktinga av fem utvalde David Bowie-låtar. Teksten må vere nynorsk-basert eller på dialekt. Det som er mest viktig er å fange opp stemninga og bodskapen i teksten, og ein må gjerne tilpasse han til norsk samtid, skriv arrangørane.
TEST DEG SJØLV: Kva kan du om David Bowie?
Saka held fram under musikkvideoen:
David Bowie (1947– 2016) er ein bauta innan rock- og pophistoria. Musikken hans vert kjenneteikna av sjangerleik, grensetøying og nyskaping, medan tekstane hans har kome meir i bakgrunnen.
Tidlegare artistar som har fått gjendikta tekstane sine i samband med festivalen er Robert Johnson, Joni Mitchell og Patti Smith – og no har altså turen kome til David Bowie.
Space Oddity, The Man who Sold the World, Life on Mars, Ashes to Ashes og China Girl er Bowie-låtane ein kan prøve seg på.
Brageprisvinnar og Bowie-fan Ruth Lillegraven er juryleiar. Juryen er elles sett saman av forfattarar, musikarar og representantar frå arrangøren, som kjem til å kåra ein eller to vinnarar.
Arrangementet LittLarm vert avvikla på Kunsthuset Kabuso i Øystese i juli, og beste gjendikting blir framført av husbandet. I tillegg til heider og ære får vinnaren eit dagspass til Bygdalarm. (©NPK)
LES OGSÅ: Her kan du betala med David Bowie
Klarar du å skriva denne klassikaren om til nynorsk?