– Mi største frykt var nok å bli avslørt som den rastlause, rotlause, ubrukelege løken eg visse eg var. Heldigvis var det i tida å vera slacker, minnest Datarock-vokalisten.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg skal innrømma at eg trudde eg kom til å studera film i NYC, eller enda på eit kunstakademi. Musikk hadde eg lagt bak meg etter tre år på musikklinja, skriv Fredrik Saroea i ein e-post til Framtida.no.

48-åringen frå Bergen er aller mest kjent som den raudkledde vokalisten i bergenssuksessen Datarock, som laga landeplager på tidleg 2000-tal.

Den siste tida har Saroea òg vore å sjå på Den Nationale Scene som sjølvaste djevelen i Mesteren og Margarita. Og raude joggedressar har vorte bytta ut med soloprosjekt.

I vaksen alder har han halde fram med å setja sitt preg på heimbyen med fleire barar og restaurantar.

Kunsthistoria

I 1996 studerte den framtidige musikaren kunsthistorie på Universitetet i Bergen, jobba, og øvde med ein fri-impro-trio på vegan-restauranten Den Gode Klode.

Det var ikkje løna arbeid, og gjekk føre seg saman med ein haug med Fugazi-, The Smiths- og Morrissey-fans, blivande forfattarar, arkitektar og musikarar.

Dei var leidde an av ein kjøkkensjef som kom rett frå Hare Krishna tempelet i Oslo – og var enormt oppteken av beat-generasjonen, Kurt Weill og Tom Waits på den eine sida, og alt frå Pizzicato Five til Flying Saucer Attack på den andre.

Sivilteneste i kunsten

– I løpet av året flytta eg frå ein mega-shabby, super-feit, gigantisk kåk på Nedre Nygård som skulle rivast, til ein nyoppussa toppetasje på Møhlenpris som siviltenesta på Hordaland Kunstsenter betalte for medan eg heldt fram studia på UiB, minnest Saroea.

Fredrik Saroea fotografert på Nygårdshøyden ved Universitetet i Bergen. | Foto: Privat

Det var rett over gata frå Grieghallen, og like ved der han seinare opna gourmetrestauranten Lysverket og pizzarestauranten Hoggorm.

Mykje av grunnskissene til låtane som har vorte til det nyaste albumet hans, Lucid Dream, vart faktisk spelt inn rundt tida då han var ung student.

– Første demo av skissa som no heiter Hotel Chelsea vart utruleg nok faktisk spelt inn på DAT i nettopp 1996, forklarar Saroea.

Frikvartalet

20 år gamle Fredrik delte «kåk» med han som no speler keyboard i Datarock og ein annan seinare Datarock-assosiert musikar-kompis. Sistnemnde hadde til liks med Fredrik gått musikklinja på Langhaugen, og hadde eit Fender Rhodes piano ståande i stova ved gitar-ampen.

– Begge var nokre år eldre enn meg, enormt kunnskapsrike, flinke musikarar, utruleg snille og ufatteleg funny.

Dessutan hadde han selskap av den kjære veslesøster si, som hadde eit rom ho brukte i vekedagane, sidan ho tok vidaregåande på Steinerskolen relativt langt frå heimen på Askøy.

Utanfor døra var den inspirerande, livsglade naboen Frank Benjamin Finger, som både var mega-tungt inne i musikk, litteratur og film.

– Og Real Ones-gjengen i nabo-kollektivet med Rani. Og poeten Henning H. Bergvåg med fleire. Saman prøvde me vel å gripa dagen, gjera det meste ut av det me hadde, finna oss sjølve og finna vår plass i verda – og det gjorde me visst sidan me er heilt like den dag i dag, minnast musikaren.

– Enormt koseleg, og enormt sosialt med mange venner i alle hus rundt oss – heilt til me unge måtte gi opp kampen for å behalda dei nedslitne, rimelege kåkane for å gi plass til at eigedomsutviklarane kunne øydeleggja eller fornya bydelen. Og samtidig som eg flytta frå frikar-kvartalet, så rauk komisk nok både det (Henning H. Bergvåg kallar) rekordlange håret mitt, og det tidsriktige skjegget.

Brannalarm på bursdagen

Livet handla 100 prosent om studentlivet med musikk, indie-film, konsertar, utstillingar, happenings, festar, forelskingar og studium.

– Utover studium og turar til alt frå Hellas og Egypt til Italia, Frankrike og Danmark, var livet enkelt samanfatta ultra-sosialt både i alle kollektiva folk delte, på dei alternative kafeane i byen, galleri, konsertstader, filmklubbar, studentstader – og etter kvart også i den fancy toppetasjen eg delte med Langhaugen-kompisen min.

– Hugsar du 20-årsdagen din?

– Då var det fest i kollektivet med heile gjengen, halve byen og alt frå Kjetil Møster, Tarjei Strøm og Thomas Lønnheim til teiknaren Kim Holm i heimen. Jepp – eg har bilete frå dagen sjølv om me ikkje endå hadde smart-phone. Dagen etter utløyste eg ved eit uhell full brann-utrykking med tre brannbilar då røyken frå den iskalde pipa ikkje kom seg ut til den varme septemberlufta, men gjekk ut på loftet, så i bakgarden, inn vindauget i nabohuset og sørgde for fullt alarm og kaos i heile kvartalet. Men eg slapp bot – sikkert sidan eg hadde fødselsdag.

Fredrik røyker sigar på ferie i Siracusa på Sicilia. | Foto: Privat
Fredrik klatrar i Paris | Foto: Privat

Miljøkamp og brisen optimisme

Morgenbladet var ifølgje Saroea å finna i alle kollektiv på den tida, og han hugsar ein god del av sakene som prega verda.

– Likestillingskampen hadde komme så langt at Gro Harlem Brundtland hadde lagt sin tredje statsministerperiode bak seg, minnast Saroea.

Han medgjev at minnet om den tida til dels er dekt bak eit slør av ironisk distanse, brisen optimisme, Seinfeld, gammal Woody Allen, ny indie, ugly beauty, konsertar, røykfylte bular, film, utstillingar og studium. Likevel ramsar han opp:

Mandela var president i Sør-Afrika, der apartheid endeleg var over. Berlinmuren hadde falle, Boris Jeltsin var president i Russland og den kalde krigen med atomtrussel hadde tint opp.

Den opprivande Bosniakrigen var endeleg slutt, og her heime tende folk framleis på kyrkjer etter at OL-fakkelen frå Lillehammer var sløkt.

– Sånn eg hugsar 1996/1997 hadde miljøkampen allereie vorte så allmenn at Frederic Hauge var den nye Gerhardsen, og planen for å redda ozonlaget var godt i gang.

Vener for livet og Chet Baker <3

I tillegg til pensum i kunsthistorie og teikneseriar frå Neil Gaiman, Lauzier og Moebius, las han William Burroughs, Jack Kerouac, Kjell Askildsen, Don DeLillo og nyleg avdøde Paul Auster.

– Dette var jo tida før strøymetenester, så film leigde me eller lånte av kvarandre – og folk som Hal Hartley, Jim Jarmusch, Wim Wenders, Krzysztof Kieślowsk, Jean-Jacques Beineix og Luc Besson var heltar – men det var også mykje film på Filmklubben i Bergen. Og det var rimeleg eklektisk og ivrig lytting til musikk.

Dette var tida då Fredrik vart så oppteken av Chet Baker som songar at han den dag i dag framleis har ein kvartett som han ein gong i blant framfører vokalrepertoaret hans med.

– Så det var eit år som sette spor – og mange av dei eg har dagleg kontakt med i dag er faktisk dei same som den gong.

Orakelet i Delfi gjorde inntrykk på Fredrik Saroea. | Foto: Privat

Greip dagen

– Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20 og kvifor?

– Å sitja i stille ved orakelet i Delfi og kjenna litt på kor kort og ubetydeleg del av historia eg, mitt og mine var, men kor stor og lang historia me får vera del av er. Same veke var eg rett nok på Akropolis og ved Kheopspyramiden, men der var det for mange folk til ettertanke.

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– At han godt kunne gjort litt betre innsats.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– At eg kanskje ikkje trong å gå på Garage kvar dag.

Fryktlaus

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Far min gjekk bort då eg var 7, og morfaren min døydde også nokså ung, og eg trur nok det påverka kjensla av at eg kanskje ikkje kom til å vera her så lenge – så heilt fram til eg vart gift med med Kristin og fekk jentene våre Sofie og Margrethe, antok eg vel aldri at det kom til å bli så mykje meir enn «ungdomstid» på meg.

Det at det no er villa i blindveg på Kalfaret, grå hår, vekevis manualterapi og to fantastiske jenter på 18 og 15 overraskar han nesten like mykje kvar dag.

– Så den delen av livet eg er i no er ein bonus eg ærleg talt ikkje ante ville koma då eg var 20. Heller ikkje 1000 konsertar i 36 land og best-of-lister i Rolling Stone Magazine og NME; Datarock var jo berre noko me starta på tull sidan me hadde lagt tanken om å driva seriøst med musikk langt bak oss.

– Kva var di største frykt?

– Eg har jo lyst til å svara at eg var fryktlaus då eg var 20, for sånn levde eg – men mi største frykt var nok å bli avslørt som den rastlause, rotlause, ubrukelege løken eg visse eg var. Heldigvis var det i tida å vera slacker, og det var nok av folk som var på same planet som meg – så eit par år seinare hadde eg både ei universitetsgrad og ein internasjonal karriere saman med dei ubrukelege kompisane mine.