Kan me nytta immunforsvaret til å overvinne kreft?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skal «ete» opp kreft

Saka var først publisert i Vikebladet Vest

– Det er ei stor ære og eit stort ansvar, seier Kristian Kobbenes Starheim.

Kristian kjem opphavleg frå Ulstein, men bur i skrivande stund i Boston i USA, der han er gjestande forskar ved University of Massachusetts Medical School. Han er postdoktor med utdanning frå Universitetet i Bergen, og har deretter jobba ved NTNU.

28. oktober vart det klart at han no er ein av tre forskarar ved NTNU som får karrierestipend på 2.816.902 kroner frå Kreftforeningen. Pengane som Kreftforeningen gir er samla inn av privatpersonar.

– Eg vil takke alle som har donert til Kreftforeningen både gjennom Krafttak for Kreft og elles. Pengane eg har fått skal gå til å undersøke korleis immunforsvaret kan påverkast for å betre blodkreftbehandlinga, skreiv Kristian Kobbenes Starheim på sin Facebook-konto etter utdelinga.

LES OGSÅ: Britiske forskarar spår store gjennombrot i kreftforskinga

Vil undersøke mekanismar
No flyttar han tilbake til Norge og Trondheim for å jobbe med kreft ved Institutt for kreftforsking og molekylær medisin ved NTNU frå nyttår av. Kristian fortel til Vikebladet Vestposten at han vil forske på immunforsvaret.

– Immunforsvaret er eitt av kroppen sine naturlege forsvar mot kreft. Det registrerer framandlekamar som bakteriar og virus, samt celler som muterer og endrar seg. Slik vert dei fleste cellene som utviklar krefteigenskapar bli raskt oppdaga. Dei etast deretter opp av «eteceller», som heiter makrofagar, seier Kristian og legg til:

– Men nokre kreftceller kan omprogrammere denne immunresponsen. Vi byrjar no å forstå korleis immunforsvaret speler inn i kreftutvikling, men det er framleis mykje som er ukjent. Det store spørsmålet er om vi kan nytte immunforsvaret til å overvinne kreft? Kan ein til dømes klare å omprogrammere cellene i ein kreftsvulst frå kreftstimulering tilbake til ete-funksjonen?

Det er nettopp dette Kristian no får høvet til å gjere, med solid finansiering i ryggen.

– Gjennom det treårige forskarstipendet eg no har fått, får eg sjansen til å undersøke desse mekanismane, seier Kristian Kobbenes Starheim.