– Innvandrarar er redninga

– Kommunane har ikkje tatt inn over seg dei moglegheitene mangfaldet av innbyggjarar gir, seier Halvor Holmli i Distriktssenteret.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gjev blaffen i innvandrarar

Fredag kom rapporten «Derfor blir vi her», om kva som gjer at innvandrarar blir buande i norske distriktskommunar. Den formidlar forteljingar frå innvandrarar i dei tre kommunane Vestvågøy, Tynset og Haram. Både flyktningar, arbeidsinnvandrar og familieinnvandrarar er med i undersøkinga.

– Her er ingeniørar frå Tyskland og flyktningar frå Somalia, i eit forsøk på verkeleg å illustrere spennet i det mangfaldige Noreg anno 2012, seier direktør Holmli i ei pressemelding.

For lite heilskapleg
Dei har svært få døme på kommunar som verkeleg har tatt på alvor at samansetjinga av folk i kommunen i dag er under stor forandring og utvikling.

– Sjølv om folk flest er høflege, vennlege og relativt positive til at innvandrarar buset seg i kommunen, så lever innvandrarbefolkninga meir på sida av enn saman med folk som bur i kommunen frå før, fortel Holmli.

QUIZ: Kva veit du om innvandrarar?

Han meiner det er mykje bra integreringsarbeid i kommunane, men at arbeidet ikkje er heilskapleg.

– Verken på lokalt eller nasjonalt plan klarer vi å sjå distriktspolitikk og innvandringspolitikk i samanheng, meiner Holmli.

– Må omfamne mangfaldet
I pressemeldinga viser senteret til at Distrikts-Noreg treng innvandrarar for å halde oppe befolkningsgrunnlaget og levestandarden. Holmli viser til at mange kommunar prøver seg på tilbakeflyttingsprosjekt med varierande suksess og at mange slit med å få tak i den rette kompetansen. Innvandrar kan vere løysinga, meiner han.

– Kommunar, næringsliv og frivillige må sjå at dei har felles interesser i å omfamne mangfaldet – både som kjerneverdi og i form av praktiske tiltak, seier han.

Rapporten viser døme på innvandrarar som stortrivst i distrikta og ønskjer å bidra aktivt og positivt til lokalmiljøet. Dei har ofte solid utdanning og kompetanse.

– Vi må møte dei aktivt, og rapporten foreslår fleire framtidsretta tiltak vi no vil vidareformidle til kommunal, privat og frivillig sektor, seier Halvor Holmli.

Det er Kompetansesenteret (KDU) for distriktsutvikling og Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) som har finansiert studien, som er av utarbeidd Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) (©NPK).

Les òg: Forgubbing kan berge verda