Google kan avgjera valet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tankekontroll i massiv skala

Forskarar ved American Institute for Behavioral Research har testa korleis søkemotorar kan påverka dei politiske vala til folk. Resultata deira får no stor merksemd.

– Effekten er svær – så stor at han kan bli ganske farleg, seier Robert Epstein til Science. Han står bak studien saman med Ronald E. Robertson. Newsweek og Wired har òg omtala studien.

LES OGSÅ: Google: Ja, me les eposten din

Forskarane fann mellom anna at politikarar som kjem høgt opp i søkeresultata har større sannsyn for å bli valde. Men det som overraska dei var i kor stor grad søkeresultat med positivt eller negativt innhald påverka kva deltakarane i studien ville stemma.

I det første eksperimentet deltok 102 frivillige californiarar. Dei fekk bruka ein søkemotor som viste femten nettsider frå kvar av dei australske statsministerkandidatane. Det dei ikkje visste var at søkeresultata var ordna slik at dei viste flest positive søkeresultat for den eine av kandidatane. For dei av deltakarane som ikkje hadde bestemt seg for kven dei ville stemma på, var det 48 prosent som blei påverka av søkeresultata som tok side med den eine av kandidatane.

LES OGSÅ:Google avslører epidemiar tidlegare

Små marginar
I eit nytt forsøk med 2100 deltakarar viste det seg at dei som var lettast å påverka gjennom søkeresultat var skilde, republikanarar og deltakarar som visste lite om dei som stilte til val. For dei av deltakarane som var usikre på kven dei ville stemma på, var det 80 prosent som blei påverka av dei manipulerte søkeresultata.

Forskarane rekrutterte òg 2150 indarar til å vera med på eit forsøk dagar før det indiske valet i 2014. Også då påverka søkeresultata stemmegjevinga til dei usikre veljarane. Berre rekkefølgja på søkeresultatet auka sannsynet for å velja ein kandidat med 12 prosent.

– Når mange val blir vunne med små marginar, viser resultata våre at søkemotorselskap har makta til å påverka resultata av eit stort tal val ustraffa, skriv forskarane i oppsummeringa av resultata.

LES OGSÅ:Google-briller problem for personvernet