God i sidemål? Få gratiskonsert

Har du karakterane 5 eller 6 i sidemål? Då kan du kome gratis inn på konsert med Blodsmak som speler i Drammen laurdag kveld.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sidan me – som eitt av få band – spelar tung rock på nynorsk, tenkjer me at me kan gjera vårt for at folk får eit godt forhold til nynorsk, seier låtskrivar og vokalist Tom Ostad på telefon til Framtida.no.

LES OGSÅ: Rocketerapien

Vil løfta sidemål
Sjølv om han både skriv og syng blytung og hjartefølt folkrock på nynorsk, er dialekta til Tom Ostad definitivt austlandsk.

Bandet Blodsmak held til i Drammen og er samansett av musikarar som for det meste har bokmålsbakgrunn – med unnatak av Magnus Tveiten frå Bykle.

Difor er nynorsk sidemålet til fleirparten av rockarane sjølv.

Men det er viktig å presisere at gratisbillettane til konserten på Buddy Scene i Drammen laurdag 29. november, gjeld dei som gjorde det skarpt i sidemål – uansett hovudmålform.

– Me gjer det litt på fleip, og håpar at nokon tek med seg kopi av vitnemålet på konserten for å kome gratis inn. Men bak idéen ligg eit ynske om at folk tenkjer at å ha eit sidespråk faktisk ikkje er så hakkande gale, seier vokalisten.

LES OGSÅ: – Viktig å ikkje gøyme dei yngre

Lyrisk og malmfullt
Bandprosjektet Blodsmak starta som eit coverband for kring tre år sidan. Ostad prøvde å skriva nokre eigne låter på engelsk, utan å få “schwung på det”, som han seier sjølv.

Det var fyrst då dei prøvde seg på nynorsk at det losna.

– Som mange andre band byrja me å skrive litt på norsk, men tenkte kjapt: Kvifor ikkje prøva nynorsk? Me testa litt på øvingar og det låg umiddelbart godt i munnen. Nynorsk er både lyrisk, kraftig og malmfullt. Eg føler ein kan formidle sterkare kjensler på nynorsk enn bokmål, forklarar Ostad, som meiner det har samanheng med at nynorsk ikkje er hovudmålet hans.

– Eg skriv ting på nynorsk, som eg aldri hadde våga å skrive på bokmål.

Dette filteret samanliknar han med at mange norske artistar ofte føler det er lettare å synge på engelsk, fordi det ikkje er morsmålet deira.

LES OGSÅ: Knuser til med Miley på nynorsk

Nynorsk MC-fest
Det nynorske gjennombrotet kom då coverbandet framførte nokre nynorske versjonar av engelske coverlåter på ein MC-fest. Låta «Regulator» av Clutch vart til dømes omsett til «Pendelen sving».

– Responsen me fekk gjekk på at det me gjorde som band i seg sjølve var tøft, men når me sang på nynorsk, var det grisekult. Me tenkte at når til og med rocka MC-folk likte det, var det berre å kline til.

Då Ostad byrja å skrive eigne låter på nynorsk opna det seg ei dør til eit stort folkloristisk univers. I 2012 skifta bandet namn. Det nynorske tungfolkbandet Blodsmak var fødd.

– Og me har ikkje sett oss tilbake sidan, slår Ostad fast.

LES OGSÅ: No er den heilage time – på nynorsk

Språkmangfald
Vokalisten vonar at både sterke og mindre sterke sidemålsfolk dukkar opp for å sjå og høyre bandet på Buddy Scene i Drammen laurdag kveld. Og at nokon får auga opp for at språket vårt er rikare enn LOL og OMG.

– Eg tykkjer det er trist at nokre hatar nynorsk, men når ein hadde det på skulen som tenåring hata ein jo alt, smilar rockaren, som meiner at ein ikkje treng  å ha pugga nynorsk for å kunne nyte klangen i det.

– Og kor mykje fattigare hadde vel ikkje språket vårt vore utan nynorsk? avsluttar Ostad.


Fire av medlemma i Blodsmak ser noko spennande rett til høgre for deg. Frå venstre: Tom Ostad, Steinar Evant, Lasse Andersen, Åsgeir Størdal og Magnus Tveiten. Foto: Kai Hansen