Gjev støtte til Nynorskbyen Førde

Kulturdepartementet har fordelt nær 4 millionar kroner til 16 ulike språktiltak.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gjev støtte til Nynorskbyen

Av heile potten går vel ein million til ulike nynorskrelaterte prosjekt. 500.000 går til prosjektet «Nynorskbyen Førde».

– Av nynorsktiltaka vil eg særleg trekkja fram prosjektet «Nynorskbyen Førde», seier kulturminister Thorhild Widvey i ei pressemelding. Formålet er å skapa ein sterkare nynorskspråkleg identitet i byen og regionen. Det skal bli spennande å sjå om dette kan inspirere til tilsvarande språkleg identitets- og merkevarebygging også i andre delar av nynorskland, seier kulturministeren.

– Dette var jo veldig hyggeleg, seier Trond Ueland, kommunalsjef med ansvar for kultur i Førde kommune. Kommunen får mindre pengar enn dei søkte om. Ueland seier til Framtida.no at han vil lesa løyvingsbrevet til departementet før han gjev meir detaljar om kva tiltak som vil bli sett i verk først.

Mellom tiltaka som dei har søkt om pengar til er merkevarebygging, leselystprosjekt, Firda junior, språkblomar, nynorskkurs, litteraturhus, nynorskpark og ein Nynorskens dag.

LES OGSÅ: Førde vil bli Nynorskbyen

Søknader for 16 millionar

Departementet gjev 1,3 millionar til fire terminologi­prosjekt – om ikt, realfag, medisin og maritim ordbok.

– Utvikling av norsk terminologi er nøkkelen til å styrkja norsk fagspråk. Terminologiprosjekt er dermed eit viktig bidrag til å sikra at norsk kan fungera som eit mest mogleg fullverdig språk i eit stadig meir spesialisert kunnskapssamfunn, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Kulturdepartementet lyste ut prosjektmidlane i byrjinga av juni i år med søknadsfrist 1. september. Departementet har hatt over 30 søknader til behandling, med samla søknadssum på vel 16 millionar kroner.

Her ser du kva andre språktiltak som har fått støtte!