≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Media, Nynorsk, VG

Gje mannen ein medalje!

«Eg kryssar fingrane for at dette positive språksynet er smittsamt.»

Andrea Rygg Nøttveit
laurdag 8. april 2017 16.23

Gje mannen ein medalje! Som sjefredaktør i Bergens Tidende feira Gard Steiro Aasen-jubileet med ei heil nynorskutgåve. No har han tatt med seg nynorsken inn i sin nye jobb som sjefredaktør i VG. Foto: Knut Jensen / Nordiske Mediedager / CC-lisens

KOMMENTAR: Det er ikkje kvar dag eg jublar for ei sak om fedmeoperasjonar på VG Nett. Fredag 10. mars var ein slik dag. Og dagen etter stod det trykt svart på kvitt då me også i papiravisa kunne lesa: «No kan «verdas tyngste kvinne» smila igjen».

Som sjefredaktør i Bergens Tidende feira Gard Steiro Ivar Aasen-jubileet i 2013 med ei heil nynorskutgåve. Til ellevill nynorskjubel. Ikkje lenge etter at han tok over jobben som sjefredaktør i Verdens Gang, kjem nyheita om at han vil mjuka opp det redaksjonelle nynorskforbodet i Noregs største tabloidavis. Det fortener applaus!

VG-journalist Jostein Matre si sak om den egyptiske kvinna er kanskje ikkje ein tematisk tungvektar, men eit viktig lodd på vektskåla for nynorsken. Det er prov for ei godt gøymd hemmelegheit, som me nynorskbrukarar har visst lenge: at nynorsk ikkje berre eignar seg i dikt. Som også Årets nynorskbrukar, etterretningssjef Morten Haga Lunde har vist, er nynorsk eit effektivt språk som kan formidle kva det måtte vere; tunge rapportar, stor litteratur, humor, handlelister og tabloide nyheiter.

Det er mykje som vitnar om at dei språklege haldningane i vestlandshovudstaden Bergen er i ferd med å snu. At Hordaland Høgre kjempa mot å fjerna eksamen og karakter i sidemål er eit prov på dette. Det ser ut til at Steiro har teke med seg dei gode haldningane over fjellet til hovudstaden. Eg kryssar fingrane for at dette positive språksynet er smittsamt, slik at Are Kalvø i framtida ikkje vert den einaste som får skriva fast på nynorsk i Aftenposten.
 

Leiarteig først publisert i Norsk Tidend 2-2017.


Oppdatert: søndag 9. april 2017 10.49
Kommentarar



 
ANNONSE: