Fryktar for framtida til flyplassane
Fylkestingpolitikar Aleksander Øren Heen (Sp) fryktar nytt EU-forslag kan by på problem flyplassane i fylket.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fryktar for småflyplassane
– Forslaget skapar stor usikkerheit, seier han.
For uklart
EU-kommisjonen la denne veka fram eit forslag om at flyplassar med over 200 000 passasjerar årleg ikkje skal kunna motta statleg støtte.
I fjor gjekk berre sju av Avinors 46 flyplassar i overskot, og i praksis vil foreslaget kunna innebera at åtte norske flyplassar må stengja dørene.
– Dei fire flyplassane me har i fylket har under 200 000 passasjerar, men kommisjonen er veldig uklar på kva som vil skje med flyplassane med mindre passasjerar enn dette, seier Heen.
– Dei har ikkje klargjort kva som vil skje, og det er håplaust, meiner han.
Sogndal Lufthavn Haukåsen hadde i fjor 77 000 passasjerar, medan fylkets største flyplass, Florø, hadde 185 000.
Avhengige
Heen meiner forslaget frå Kommisjonen nok ein gang viser veikskapar med EØS-avtalen, som gjer at Noreg implementerer 75 prosent av alle EU-direktiv utan å sjølv kunna påverka prosessane.
– Det er ingen hemmelegheit at det er ein skepsis til EU i partiet vårt. Me som sit i Noreg er ikkje dummare enn dei som sit i Brüssel, seier han.
Han har lite tru på at forslaget vil bli implementert i Noreg.
– Samstundes viser historia at me berre har brukt reservasjonsretten ein gong tidlegare. Men me i Senterpartiet vil uansett kjempa hardt mot at dette skal bli innført. Både privatpersonar og næringslivet er fullstendig avhengige av å ha små flyplassar over heile landet, seier han.
Forslaget har også blitt kritisk motteke av sentrale samferdslepolitikarar i mellom anna Frp og Høgre.