– Framtidas russ er sykkelruss

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur me kjem til å ha det minst lika kjekt, som dei som bruker ein million på russebussen, seier Harald Berger.

– Eg trur faktisk me kjem til å ha det enno kjekkare, skyt russesykkelkamerat Paul Aamodt Brandal inn.

LES OGSÅ: – Dagens russ er for snille 

Sykkelruss i sykkelbyen
Gutane med russesykkelen «Tråkk ’n’ roll» tenkte utfor boksen då dei skulle velje russefarkost.

Benjamin Hidas hadde sett såkalla surrey bikes i Ungarn og slik vart ideen fødd. Samtlege syklistar peiker på Harald Berger som primus motor for det heile. Han er leiar i lokallaget til Grøn Ungdom og står på tredjeplass på lista til Miljøpartiet Dei Grøne i lokalvalet til hausten.

Lillestrøm er kåra til årets sykkelby heile fire gongar, så kva betre plass å vere sykkelruss undrar han?

Beskjeden frå dei seks er klar: Sats på sykkel!

– Framtidas russ er sykkelruss, konstaterer Harald, som vonar dei kan starta ei trend, som breier om seg – at byen er full av sykkelruss om nokre år.

Ei jente som trakkar i veg ut skuleporten med raud bukse syner gode takter.

Framtida møter gutane i «Tråkk ’n’ roll» utfor Lillestrøm vidaregåande skule der avgangselevane no skal feire at ti års skulegang er ved vegs ende.

LES OGSÅ: – Gutane må ta ansvar og jentene må sei nei 

Ingen penisforlenger
– Det er ein liten demonstrasjon mot overforbruk, seier Harald, som tykkjer det er kjekt å syne at det finst alternativ til millionbussane og monsteranlegga.

Etter å ha funne ut kva sykkelen faktisk heitte bestilte dei ein kopi frå Kina. Prislappen kom på 10.000 kroner, men moms og toll gav ein smell på kring 7.000 kroner ekstra.

Uansett, der andre russefarkostar har tilleggsutgifter på drivstoff og gjerne òg sjåfør, bruker desse russegutane rå muskelkraft.

Det er altså både miljømessige, økonomiske og helsemessige fordelar med å trakke seg gjennom russefeiringa.

– Me kan vel alle vere einige om at dette er ei økonomisk god og billig russetid, konstaterer Bendik Pedersen, som får medhald frå kameratgjengen.

– Dei som har dyre bussar får gjerne pengane att når dei sel, men me slepp å vere 60.000 i minus allereie før april, noko som gjer oss litt friare, meiner Paul.

– Det gjer godt for BSU-kontoen, skyt Harald inn.

Som tilleggsutgift kjem anlegget som var på tilbod til 1.500 kroner. Ut frå den kan dei høyre Benjamin Hidas si heimesnekra russelåt:

«Bruker penga på drivstoff… NOT(…)Kom på fest med «Tråkk ’n’ roll», holder verden fri for kull(…)Budsjettet vårt er ingen penisforlenger. Vi er menn nok, trenger ikke pappas penger».

LES OGSÅ: Ber russen vaksinera seg 


Russen sender ein varm takk til vaktmeister Skukkestad, som let dei oppbevara 180 kilo rustfritt stål i garasjen og hjelper med små reparasjonar.

Tenk deg om!
Forbrukarøkonom Silje Sandmæl tykkjer det er fantastisk at ikkje alle er med på dyre bussar, men nyttar kreativiteten sin på billigare alternativ. Ho er einig i at det ikkje treng koste så mykje å ha det gøy.

– Eg trur nok mange angrar på forbruket sitt i russetida i ettertid. Særleg om det går utover det depositumet du skulle ha hatt for å få leid ei leilegheit, eller eigenkapitalen du helst skulle hatt til bustaden du ynskjer å kjøpe, skriv forbrukarøkonomen i DNB i ein epost til Framtida.

Ho oppmodar ungdom til å tenkje seg godt om, for å finne ut om det er verdt å bruke så mykje pengar og meiner det er alt for lite privatøkonomi på pensum.

– Alt handlar om prioriteringa. Grunnen til at mange bruker pengane sine feil er at dei ikkje har kompetanse nok. Når eg er ute og underviser unge i privatøkonomi er det sjeldan eg høyrer at dei sparar til bustad, ikkje så rart sidan dei ikkje veit at dei trenger 15 prosent eigenkapital. Få veit kor mykje det kostar å ta opp lån, og det å leve generelt, forklarar forbrukarøkonomen som rår alle unge med skattbar inntekt til å spara i BSU.

Sandmæl meiner foreldre har eit ansvar i å blande dei unge meir inn i hushaldningsøkonomien og snakke om kor mykje pengar som kjem inn og kva som må prioriterast.

–  Mange lærer ikkje før dei går på ein økonomisk smell, noko eg ikkje unner nokon.

Sandmæl meiner likevel ein kan kan lære masse om økonomi i russetida om ein lagar budsjett for seg sjølv og den gruppa ein eventuelt kjøper transportmiddel med. Det kan vere et budsjett for seg selv, samt den gruppen du skal ha et transportmiddel sammen med.

–  Før ein tek stilling til å vere med på bussen ville eg stilt som krav å sjå eit budsjett. For plutseleg kan det bli veldig mykje dyrare å vere med på buss enn du og dei andre hadde tenkt, er rådet frå forbrukarøkonomen.

LES OGSÅ: Russen skadar seg i hovudet 

Køyrereglar
Den opphavlege planen for tråkkegutta var å sykle til russetreffet på Tryvann, men dei har fått kalde føtter i tilfelle noko skulle skje med vedunderet, som allereie har fått fleire potensielle kjøparar.

Uansett får sykkelen køyrt seg. Det er nemleg ein russeknute på Lillestrøm vidaregåande å rulle med Tråkk ’n’ Roll. Den staselege sykkelen har allereie rulla over to mil og vore oppi ein toppfart på 40 km/t – i nedoverbakke vel å merke.

Men gutane veit godt at køyrereglane gjeld for dei òg. Føraren må vere edru, tråkkekrafta kan ha teke seg eit eller fleire glas.

I trafikken vekkjer dei naturleg nok åtgaum og vert møtt med ivrige tut og latter, det tykkjer dei er stas.

Kjendissyklistar
Å vere sykkelruss er noko dei absolutt vil anbefale vidare.

– Me hadde ikkje venta oss så mykje merksemd, men me har jo nesten vorte litt småkjendisar, smilar Benjamin.

– Ja, eg er nesten vorte heilt høg på meg sjølv, ler Harald.

Gutane har vore omtala i både Romerike Blad, Nettavisen, Framtiden i våre hender og i dag VG. I tillegg har dei nærare 3.000 likes på Facebook.

– Kva er den viktigaste ingrediensen i ei god russetid?

– Rulling, kjem det kontant frå sjåfør Paul.

Høyr rullelåta her: