Frå matteskrekk til mattemeistring

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå matte- skrekk til matte- meistring

Matematikk er eit av dei aller viktigaste faga på skulen. Også i kvardagen treng me å kunna matte. Når me får brev frå banken, når me skal vurdera tilboda i butikken eller planleggja personleg økonomi. I tillegg er matte heilt avgjerande for avansert teknologi og ingeniørkunst.

Kunnskapsdepartementet presenterer i går eit samla oversyn over tiltak som skal styrkja undervisinga på dette området.

Meir motivasjon og betre resultat
Mange elevar slit med svak motivasjon og negative haldningar til matematikkfaget. Resultatet er dårlege matematikkprestasjonar i skulen. No vil Kunnskapsdepartementet skapa meir motivasjon og positive haldningar, høgare ambisjonar for elevane og betre kunnskapar og ferdigheiter.

PISA-undersøkinga frå 2009 viser at samanlikna med dei andre nordiske landa, så er dei norske elevane svakast på oppgåver som handlar om rom og form og talforståing.

Ikkje eliteklassar
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen understrekar at svaret på desse utfordringane ikkje er sortering, nivådeling og eliteklasser.

– Me har tvert om solid belegg i forsking for at elevane lærer mest når dei får undervising av høg kvalitet innanfor ramen av eit mangfaldig fellesskap. Elevane lærer av kvarandre og utfordrar kvarandre, seier kunnskapsministeren.

Halvorsen meiner utfordringa først og fremst består i å få til ei opplæring der skule, lærarar, læreplanar og læremiddel til saman skapar ein god og variert matematikkopplæring som gjer flest mogleg trygge på faget.

Korleis meiner du at undervisinga i matte kan bli betre?