Fossilfrie norske byar 2025

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Henta frå Energi og Klima sin blogg

I desember i år møtes verdens nasjonar i Paris med håp om å få på plass ei bindande klimaavtale. Uavhengig av ein avtale, ser ein at den grøne omstillinga allereie skyt fart «nedanfrå og opp», med utspring i ambisiøse verksemder, byar og regionar.

Storbyane vil være særleg viktige aktørar for å få til dei naudsynte reduksjonane av klimagass. Kan visjonar om fossilfrie norske byar i 2025 være nyttige på vegen?

LES OGSÅ: Det grøne skiftet er i gang

Fossilfri Bergen 2025
I byen eg kjenner best, Bergen, blei visjonen om «Fossilfri Bergen 2025» nyleg lansert med utspring i Klimavalgalliansen Hordaland. Ideen inneheld nokre heilt sentrale grep som må til for å få ein effektiv grøn omstilling av byen: Fossilfri hamn, fossiIfri trafikk, fossilfri investering og fossilfri oppvarming.

Hordaland fylkeskommune har eit uttalt mål om å redusere klimagassutsleppa i fylket med 40 prosent innan 2030. Når ein veit at 70 prosent av klimagassutsleppa kjem frå næringslivet, veit ein også at det er heilt essensielt at det offentlege og det private speler på lag for å få dette til. Ein felles visjon om ein fossilfri by i 2025, kan være ein lettforståeleg reiskap på vegen både for Bergen og andre større byar.

Fossilfri hamn
EU har nyleg vedtatt eit nytt regelverk som vil pålegge alle større hamner landstrøm innan 2025. Regelverket vil tre i kraft om knappe 10 år. Her kan ein velje å sitte på gjerdet og vente til reglane trer i kraft, eller å agere raskt og være med å finne dei gode nye løysingane som alle hamner i EU vil etterspørre etter kvart.

Før sommarferien kunne bergensarane feire opninga av fyrste landstrømsanlegg for offshore skip. For kvart skip som koblar seg til, tilsvarer det kutt i luftforureininga på opp til 4800 bilar. I august kunne ein dessverre melde at anlegget har vore skuffande lite brukt til no. Nullutsleppstilkobling via landstrøm, hydrogen eller andre løysningar er likevel ei utvikling som kjem og som alle skip som legg til kai i Bergen må rette seg etter framover.

For å oppnå ei fossifri hamn i Bergen i 2025, trengs ein overordna og tverrpolitisk forankra plan for korleis ein skal opprette nok tilkoblingspunkt og korleis ein skal motivere rederi til å gjere nødvendig omlegging på skipa. Truleg vil det være behov for både pisk og gulrot, der ein innfører miljødifferensierte avgifter, samtidig som ein bidrar til å lette investeringane i infrastruktur om bord. Ein positiv bi-effekt for norske verft, er at eit mål om fossilfrie hamner også kan være med å sette fart på den omfattande grøne forretningsutviklinga ein no ser i emning i norsk skipsfart. Dette omfattar alt frå omlegging av Beffen, til fiskebåtar, ferjeparken og større skip. Mange av desse fartøya vil være langt billigare i drift og truleg auke konkurransekrafta til norske verksemder på sikt.

LES OGSÅ: – Det grøne skiftet er eit luftslott

Fossilfri trafikk
Før sommaren lanserte byråd for byutvikling, klima og miljø i Bergen, Henning Warloe, planen om gradvis å stenge Bergen sentrum for fossile bilar. Dette er tydeleg politisk leiing som gjer at ideen om fossilfri trafikk inn til Bergen i 2025 kanskje ikkje er så urealistisk å samlast om. I dei siste åra har ein kunne rapportere om imponerande salstal for elbilar i Hordaland. Storstilt utbygging av ladeinfrastruktur har vore med og gjort dette mogleg. Opninga av verdens største hurtigladestasjon midt i hjertet av giftlokket på Danmarksplass er eit sterkt symbol på den store endringa som er i emning.

Etter kvart vil andre nullutsleppsløysningar som hydrogen også kunne nyttast i større kjøretøy og tungtransport. I 2016 vil biogassanlegget i Rådalen stå ferdig og drifte byen sine nye bussar. I Oslo og Akershus har Ruter uttalte ambisjonar om å legge om til fossilfri kollektivtrafikk innan 2020.

Skal vi oppnå fossilfri trafikk i Bergen i 2025, treng vi ein ambisiøs kombinasjon av nullutsleppstransport, rushtidsavgift og løysningar som reduserer behov for trafikk: betre arealplanlegging, bybaneutbygging, bruk av BIR sitt nye bossuganlegg, fremming av samkøyringsløysningar, tilrettelegging for bildeleringar i arbeidstida som hos Atea, og ikkje minst betre tilrettelegging for gåande og syklande.

Fossilfrie investeringar
Nyheita om at Oljefondet skal trekke investeringar ut av kol (>40 prosent) gjekk sin sigersgong verda rundt i vår. Mange offentlege norske midlar er likevel framleis investerert i fossilsektoren. Oslo kommune var tidleg ute og sa nei til investering i kullkraft.

Best i klassen er nok likevel Eid kommune, som har gått fremst og både vil trekke offentlege investeringar ut av fossil sektor, samstundes som ein ønskjer å innføre aktiv grøn finansforvaltning.

I sin publikasjon «Grøn visjon for Vestlandet» har BKK, Norsk Klimastiftelse og SKL sett for seg eit framtidig senter for forsking på berekraftig og ansvarlig investeringspraksis knytta til NHH og Universitetet i Bergen. Ein god plass å byrje kunne truleg være gjennom å innføre grøn finansforvaltning av dei offentlege midlar ein rår over lokalt.

Fossilfri oppvarming
Oljefri har vore ein kampanje med stor suksess. Ein byrjar å komme i mål med å skifte ut all oljefyr landet rundt. I 2020 vil forbodet mot oljefyr tre i kraft. For å oppnå fossilfri fyring i Bergen, er det viktig at denne kampanjen vært heia heilt i mål og at ein også ser på dei siste punkt for fossilbasert fyring som nyttast for spisslast.

Når ein kalkulerer utsleppsfaktor for elektrisitet gjennom marknadsbasert metode, har Noreg ei utfordring med at ein sel ein stor del av den utsleppsfrie straumen over landegrensene og sit att med ein skitten residualmiks. Her vil det være viktig å ta stilling til om kjøp av opprinnelsesgaranti er metoden for å sikre at elektrisitetsmiksen ein nyttar faktisk er fossilfri.

LES OGSÅ: Ny varmerekord for Svalbard i sommar

Vilje til leiing
Det Fossilfrie Bergen 2025 verkar å være innan rimeleg rekkevidde, og på mange områder er ein allereie godt i gong. For å lykkast med visjonar om norske fossilfrie byar i 2025, er det likevel essensielt med tverrpolitisk leiing og at ein samarbeider godt med både det offentlege og privat næringsliv.

I Noregs største nettverk for systematisk klimaarbeid, Klimapartnere Hordaland, vil vi diskutere både målsetningar og tiltak saman med våre partnarverksemder i forkant av klimaforhandlingane i Paris. Det er særs viktig at næringslivet og politikarane spelar på lag om utsleppsreduksjon. Om ein vil oppnå ein fossilfri by i 2025, krevs det tett dialog framover i dei neste 10 åra.

Kven tek denne grøne ballen vidare i lokalvalet?