Forsvarte regjeringa med nødrim

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen var først hos Møre-Nytt

– Svaret er noko humoristisk lada, men det gjer samstundes greie for dei viktigaste grunnane til at endring er naudsynt, skriv Jon Georg Dale (Frp), dalsfjording og statssekretær i Finansdepartementet, i ein e-post til Møre-Nytt.

Han snakkar om eit brev han sende til Ulstein kommune onsdag, som svar på kommunen sin høyringsuttale mot regjeringa sitt forslag om å flytte ansvaret for skatteoppkrevjarfunksjonen (kemneren) frå kommunane til staten.

Saka verkar nok kjedeleg for mange. Det ville Dale gjere noko med.

LES OGSÅ: Frp-studentar mest villige til å jukse

På rim
Det er nemleg ikkje ein kva som helst slags høyringsuttale vi snakkar om her. Denne er nemleg på rim. Gjennom ni vers, og nesten utan naudrim, argumenter Dale for kvifor han meiner forslaget til regjeringa er rett:

«Eg viser til dykkar svar 
av den fjerde februar 
mot regjeringa sitt forslag om at
vi må tenkje litt nytt om skatt

På siste sida skriv Ulstein som så
at kommunen sitt vedtak kan klagas på 
Så då nyttar eg dette høvet 
Ein kan jo alltids prøve?

Det har vore lite handling og mykje prat
Om å flytte skatteoppkrevjinga frå kommune til stat
Eg meiner tida for lengst er inne
Og at vi som samfunn har mykje å vinne

Likebehandling av slike saker 
Om skattytar bur på Flø eller Blaker
er viktigare for dei aller fleste
enn at kemneren er enkel å gjeste

Arbeidsgjevarkontroll har fram til no
Ikkje vore tilstrekkeleg god
Mens svindlarar forsøkjer å unndra seg skatt
har fleire kontor ingen kontroll i det heile tatt!

Vi veit endå ikkje korleis kommunestrukturen skal vere
Men det har jo lite med denne saka å gjere
Skatteoppkrevjing skal vere fagleg og god
At oppkrevjaren er i ein annan by gjer ikkje no'.

Sjølv om Noreg er ein av dei heldigaste statar
Bør vi ikkje ha for mange skattebyråkratar
Det er mykje vi heller kan bruke pengane på
I neste vers kan dykk berre sjå: 

Lærarar, omsorg og betre vegar
Mindre fattigdom og fleire legar
Vi kan til og med ta fram dei raudgrøne refrenga
No blir det endeleg vatn i bassenga!

Likskap for lova og mindre snyting
Fleire kontrollar og høgare ytring
Er argument som er så langt ifrå skrale 
At eg audmjukt ber Ulstein vurdere si høyringsuttale»

LES OGSÅ: Ikkje gravalvorleg poesi

Retta mot Ørsta og Volda også
Også formannskapa i Ørsta og Volda har hatt forslaget oppe til debatt. Volda formannskap valde, til liks med Ulstein, å rå ifrå forslaget. Ørsta formannskap sa ja til forslaget, men fleire var usamde i vedtaket. Saka skal opp i begge kommunestyra.

– Svaret mitt til Ulstein er forsåvidt også retta mot dei debattane kommunestyra i Volda og Ørsta skal ha, skriv Dale i e-posten.

Han meiner argumenta for å flytte ansvaret over til staten er gode.

– Endring av skatteoppkrevjinga kan frigjere 500 årsverk i kommunesektoren. Desse kan i staden nyttast til andre tenester, som skule og eldreomsorg. I tillegg vil det gi grunnlag for styrka arbeidsgivarkontroll og nedkjemping av svart arbeid.

LES OGSÅ: Ta den, regjeringa!