Ta den, regjeringa!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Ta den, regjeringa!

Det vi som skriv i avisa vanligvis gjer når vi skal gi karakterar til statsrådane, er å late som om vi har full oversikt over alt statsrådane har gjort. Ja, særlig.

La meg i staden utføre den einaste testen som dug: Viss eg ikkje får lov til å bruke eit einaste hjelpemiddel, kor mange medlemmer i den norske regjeringa klarer eg då i det heile tatt å komme på? Og klarer eg å stave namna og titlane deira heilt rett?

Det kan bli pinlig for meg, men såpass er eg villig til å ofre for den politiske journalistikken.

LES OGSÅ: Eit forsvar for feilskriving

Ok. Eg prøver no.

Erna Solberg er statsminister. Siv Jensen er finansminister. Den er grei.

Miljøministeren som alle er så slemme mot heiter Tine. Resten er uklart. Eg er ganske sikker på at ho heiter Sundtoft. Men det kan hende det er Sunthoft. Eller Sundthoft? Og heiter det miljøminister? Eller heiter det miljø- og eitellerannaminister? Eller minister for miljø og klima? Eg må ta eit val: Miljøminister Tine Sundtoft.

Kulturministeren har også eit namn som kan stavast på tusen måtar. Toril. Torild. Torhild. Thorild. Thorhild. Thoril. Torhil. Torill. Thorill. Widwey? Vidwey? Widvey? Vidvei? Widwei? Widway?  Segway? Midday? Eg tar ein råsjans og satsar på at kulturministeren heiter Torhild Widvey.

La meg ta han andre med innvikla namn med det same. Samferdselsminister Ketil Solvik Olsen. Eller er det Solvig? Kjetil med j? Og skal det vere bindestrek mellom etternamna? Usikker. Eg tippar samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

LES OGSÅ: Meir kvardagspupp

Han andre flinkisen frå Frp heiter Anundsen. Som ser ut som ein trykkfeil, men eg er ganske sikker på at det faktisk er det han heiter. Justisminister Anders Anundsen.

Solveig Horne er barne- og familieminister.

Ho som er frå Bergen, men ikkje er frå Bergen, er næringsminister. Monica. Mæland? Meland? Eg går for æ.

Børge Brende er utanriksminister. Men det er mulig han har ein fjongare tittel enn det. Kanskje har han også ansvar for utviklingssaker. Eg klarer i alle fall framleis ikkje komme på ein utviklingsminister i denne regjeringa. 

Forsvarsministeren har mange namn. Eg skal prøve å huske alle. Ine. Marie. Eriksen. Søreide. Ja, eg trur det stemmer. Utan bindestrek.

Ho sunnmøringen er landbruksminister. Sylvi Listhaug. Og det kan fort vere at tittelen er landbruks- og matminister. Eg satsar på det.

LES OGSÅ: Dei glade 1660-åra

Finst det ein forbrukarminister? Eller var det i gamle dagar?

Og så er det han med briller som har ansvaret for europaspørsmål. Helgesen. Vidar? Er han rett og slett «statsråd ved statsministerens kontor med ansvar for Europa-spørsmål» eller noko slikt? Eg sjansar på det. Litt stolt av at eg i det heile tatt kom på han, kjenner eg.

Bent Høie er helseminister. Her kan det også vere at tittelen er fjongare. Men eg prøver helseminister Bent Høie. Men det finst vel også ein sosialminister? Eller?

Og så er det jo alltid ein sånn samle-minister for alt som ingen andre vil drive med: Administrasjon og samordning. Samarbeid og analyse. Koordinering og forenkling.

Eg kjem tilbake til den.

Ja! Korleis kunne eg gløyme han? Skulefyren. Han har også eit namn som kan stavast på tusen måtar. Torbjørn eller Thorbjørn? Eg trur det er Thorbjørn. Røe eller Rø eller Rød eller Røed? Eg trur det er Røe. Isachsen eller Isaksen? Eg trur det er Isaksen. Og eg trur det er bindestrek. Thorbjørn Røe-Isaksen, altså. Og kva er han eigentlig? Undervisningsminister? Utdanningsminister? Skuleminister? Undervisnings- og forskningsminister? Satsar på det siste.

No kom eg på kven som er samleminister for alt som ingen andre vil drive med. Jan Tore Sanner! Kven elles? Og tittelen? Kanskje rett og slett administrasjonsminister?

Og no kjem eg ikkje på fleire. Eg har sikkert gløymt nokon heilt opplagte.

Svar avgitt. No sjekkar eg fasiten.

 

– – –

 

No har eg sjekka fasiten. Eg hadde mange feil: Tine Sundtoft er klima- og miljøminister, ikkje berre miljøminister. Kulturministeren heiter Thorhild, ikkje Torhild. Anders Anundsen er justis- og beredskapsminister, ikkje berre justisminister. Solveig Horne er barne-, likestillings- og inkluderingsminister, ikkje barne- og familieminister. Vidar Helgesen har ein annan innfløkt tittel enn den eg tippa. Bent Høie er helse- og omsorgsminister, ikkje berre helseminister. Torbjørn Røe Isaksen skal skrivast utan h og bindestrek, og han er kunnskapsminister. Og Jan Tore Sanner er kommunal- og moderniseringsminister. Han om det. Og så gløymde eg Tord Lien. Som er olje- og energiminister. Som er relativt viktig. Og eg gløymde fiskeriminister Elisabeth Aspaker. Unnskyld, Elisabeth. Og arbeids- og sosialminister Robert Eriksson. Det var det eg visste det var ein sosialminister der.

Av atten medlemmer i regjeringa klarte eg altså berre å få sju heilt rett. Det er for dårlig. Regjeringa må skjerpe seg.

LES OGSÅ: Are Kalvø: Skandale-regjering!