Førstereisgut på Løvebakken

Fredric Holen Bjørdal
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget vart først publisert hos Møre-Nytt

I den maritime verda finst omgrepet ”halvlotting”. Det er førstereisgutane og –jentene på fiskebåtane. Òg i dag, men særleg før i tida, vart dei sette til å gjere arbeid dei meir røynde fiskarane ikkje såg seg syn med. Som skuring, vasking og stabling av fiskekasser. Og då løna kom fekk dei berre halvparten så stor del av lotten som dei andre.

 Slett så gale er det ikkje på Stortinget. Likevel er ikkje vi halvlottingar på Løvebakken heilt ukjende med omgrep som hierarki og ansiennitet. Det skal fordelast pendlarhyblar, politiske verv og oppgåver. Særleg i dei store partigruppene er det mange om beinet, og ein kan ikkje rekne med å få det som ein vil.

Eg kom inn som ein av dei to yngste på Stortinget, og den klart yngste i Arbeidarpartiet si gruppe. Sjølv om eg framleis kjenner meg som ein skårunge frå tid til anna, har eg likevel blitt godt motteken. Her er det ingen skilnad på om du er 23 eller 53, alle nye blir handsama likt.

Eg trur rett nok det er ein fordel ikkje å kome rett frå ein ordførar- eller direktørjobb der ein er godt van med å vere kongen på haugen. Som ny stortingsrepresentant må du finne ut av det meste sjølv, du er ein av mange, og læringskurva er bratt.

LES OGSÅ: – Smakar av valtaktisk populisme

Skrivne og uskrivne reglar
Eg seier ikkje at det var enkelt for meg heller. Til dømes var det ikkje plankekøyring for ein uformell 23 år gammal sosialarbeidar plutseleg å gå med dress og slips kvar dag. Eg kunne korkje stryke skjorter eller knyte slips, og det finaste eg hadde i skapet, var konfirmasjonsdressen. Dette vart ei utfordring, og eg var blakk heilt fram til jul etter å ha fornya garderoben.

Tradisjon, kutyme og uskrivne reglar er viktig på Stortinget, og unge uflidde jyplingar blir sette på med argusauge. Nåde deg om du gløymer dressjakka på veg inn i møtet, eller set deg på feil bord i kantina. Eg har gjort begge delar. I kantina har både partia og journalistane sine faste bord. Eg, min tosk, visste ikkje det, og sat og åt havregrauten min godt nøgd med i det heile å ha funne fram til kantina. Der sat eg åleine til spott og spe før nokon forbarma seg over meg og kviskra meg inn i øyret at med mindre eg hadde bytta parti sidan sist, gjorde eg lurt i å flytte meg.

Møta i stortingssalen kjem eg alltid for seint til. Kontoret mitt er plassert så langt unna sjølve Stortinget, at når det ringer inn til votering, må eg sleppe alt eg har i hendene og springe. Gjennom underjordiske katakombar, opp i ei eldgammal og altfor lita heis, og så prøve desperat å finne min stol blant 168 andre. Det er forresten ikkje ein stol, viss nokon trudde det. Det er ein slags krakk med hjul på som du må trille fram samtidig som du set deg ned. Ikkje komfortabelt i det heile tatt.

LES OGSÅ: Uroa for dialektane

Første gong på talarstolen
Dette første året har eg fått gjere mykje spanande. Også utafor landegrensene. Eg har vore på studiereise til Canada for å lære om velferdssystemet der, har køyrt minibuss i 14 dagar gjennom Europa for å lære om EU, og i haust representerte eg Noreg i FN si generalforsamling i New York. Det er vanskeleg å skildre dette utan at det ender opp i klisjear, men det er ingen tvil om at eg er privilegert som får oppleve alt dette.

Første gong på Stortinget sin talarstol kjem likevel til å vere det eg hugsar best frå det første året. Viss ein ikkje er nervøs då, har ein ikkje respekt og forståing for demokratiet og den lovgjevande forsamlinga. Eg hadde førebudd meg godt, men såg likevel føre meg eit skrekkscenario: at eg skulle snuble på veg bort, stille meg på feil talarstol, gløyme manuset og velte glaset med vatn.

Heldigvis gjekk det bra, og 16. oktober 2013 kl 13:57 gjekk eg på talarstolen for første gong. Dette var under trontaledebatten, eg snakka om arbeid og sysselsetting, og fremja kritikk mot regjeringa sin arbeidslivspolitikk.

LES OGSÅ: Fleirtal vil ha folkeavstemming om kommunesamanslåing

Den tomme salen
«Kva jobbar du eigentleg med, der nede i Oslobygda?» Det spørsmålet får eg ofte, og å svare på det slik at folk forstår, er ikkje lett. Eg får gjere eit forsøk. Når ein ser overføringar frå Stortinget på fjernsynet, så er det mange som undrast kvifor det er så lite folk i salen. Det er litt spesielt, eg innrømmer det, at alle er til stades i salen ved møtestart, og så snart det har byrja, så forsvinn alle kvar til sitt. Det er ikkje fordi dei skal heim og kvile, men fordi brorparten av arbeidet skjer utafor sjølve stortingssalen.

På mange måtar er det å vere stortingsrepresentant eit enkeltmannsføretak. Rett nok er vi ein del av ei større partigruppe, til dømes har Arbeidarpartiet 55 representantar. Likevel er vi spreidde for alle vindar, jobbar kvar for oss med heilt ulike ting, og det er sjeldan vi møtest alle saman.

Kvardagane i Oslo er svært varierte, fellesnemnaren er at det er hektisk. Særleg før jul og sommar, der vi har hatt møter frå tidleg om morgonen til lenge etter midnatt. Ein stortingsrepresentant er ikkje omfatta av reglane i arbeidsmiljølova, og for oss er normalarbeidsdag, overtidsbetaling og avspasering framandord. Arbeidsmiljølova kjempar vi altså for på vegner av andre.

 Noko av arbeidsdagen kan eg legge opp sjølv. Eg har mange møte med organisasjonar innafor mitt fagfelt, og folk som jobbar for lokale interesser både i Møre og Romsdal og andre stader. Dei to hovudoppgåvene Stortinget har, er å vedta lovar og budsjett. Reglar og pengar er viktig for folk, så telefonen står sjeldan stille, og innboksen er alltid full.

LES OGSÅ: – Kunne eg klart å leva slik?

Politikar eller byråkrat?
Det er ein annan kvardag å vere i opposisjon enn å sitje på toppen i regjeringskvartalet. Mange av initiativa kjem frå regjeringa, og det er vår oppgåve å ha eit kritisk blikk på det som kjem og synleggjere vårt alternativ. Det gjer vi enklast frå Stortinget, og ein viktig del av jobben min er difor å nå ut til veljarane gjennom media. Det aller meste av jobben skjer likevel i dei ulike fagkomiteane.

 Eg har teke sete i arbeids- og sosialkomiteen. Der jobbar vi med arbeidsmiljø, Nav, pensjon, sosiale ordningar og arbeidsmarknadstiltak, for å nemne noko. Vår komité har ansvar for om lag ein tredjepart av heile statsbudsjettet, så det er ei formidabel oppgåve å setje seg inn i alt.

Éin dag diskuterer vi kanskje heilt overordna situasjonen i arbeidsmarknaden i Noreg, før vi neste dag må setje oss ned og studere detaljerte reglar for pensjonsopptening i folketrygda. Stundom kjenner eg meg meir som ein sakshandsamar i Nav enn ein politikar, men det er svært lærerikt.

LES OGSÅ: – Legg opp til sterk sentralisering

Livet som vekependlar
Det beste med å bu i Oslo er likevel å kome heim. Betongjungelen der nede når ikkje heilt opp til Sunnmørsalpane. Eller som Runar Gudnason syng: «Me trenge ikkje asfalt når me he so mykje gras.» Det er godt å kome vekk frå stresset og maset i storbyen og heim til lune og sindige sunnmøringar. Difor finn de meg fleire gonger i veka på Widerøe-hjulvispen mellom Hovden og Oslo. Eg likar å tru at eg bidreg til å halde liv i den viktige flyplassen vår.

Eg held i alle tilfelle liv i relasjonane til familie og vennar, og dialekten min. Ikkje noko er verre enn sunnmøringar som ”språkar”. Og det er nok med éin Jan Åge Fjørtoft.

 I feriar er eg difor heime så mykje eg berre greier. Går i fjellet, dykkar i fjorden. Har store planar om å bli betre til å renne på ski. Dei åra då det ikkje er kommune- eller stortingsval, er det mogleg å ha litt fri frå livet i Oslobygda. Eg får mykje ut av å vere heime på Sunnmøre. Her treffer eg folk, lyttar og får erfaringar eg kan ta med meg ned att til Oslo. Til dømes hadde eg i år ein lærerik sommarjobb i barnevernet, på Sunnmørsheimen i Volda.

Det er ikkje til å kome utanom at vi her vest tenkjer litt annleis om utfordringane i samfunnet enn dei gjer austafjells. Motkulturane står sterkt her, til dømes har målsaka og fråhaldsrørsla sine utspring herifrå. Eg høyrer ofte frå folk som er frustrerte over at «alt vert styrt frå Oslo, men det er på Vestlandet vi skapar verdiane».

Det bør nok vere ein ambisjon for meg at eg skal halde fram med å målbere Vestlandet sitt syn, og slik vere litt i opposisjon, framfor sjølv å verte ein del av «Oslo-makta». Då må eg ikkje gløyme kvar eg kjem frå.

LES OGSÅ: Låvesuksessen

Sunt med litt kjeft
Eg likar å spøkje med at det stundom kan kjennast som at det å vere stortingsrepresentant er ei mindre takknemleg oppgåve enn å vere parkeringsvakt. Vi får nok like mykje kjeft. Det må ein finne seg i; når ein stikk fram hovudet, må ein rekne med at nokre gjer klar øksa.

Konstruktiv kritikk og innspel er i alle tilfelle noko av det eg set mest pris på, og eg lovar å svare alle som tek kontakt, sjølv om eg ikkje kan love å løyse alle små og store utfordringar.

Takk til alle dykk som gav meg tillit og røysta meg inn på Stortinget. Eg lyt prøve å gjere mitt beste for ikkje å gjere skam på oss ørstingar.

Med ønske om ei retteleg god og fredeleg julehøgtid.

LES OGSÅ: – Det er ikkje berre i Oslo det skjer