Fleire går ut av grunnskulen utan karakterar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire med hol i vitnemålet

I fjor vart 2.665 elevar ståande «utan grunnskulepoeng», noko som betyr at dei mangla karakter i meir enn halvparten av faga, skriv Aftenposten. Det svarar til 4,2 prosent av avgangselevane i 10. klasse. I 2009 var delen 2,2 prosent, til saman 1.352 elevar.

Det kan vere fleire grunner til at elevar endar opp utan karakter i åtte eller fleire fag og dermed blir ståande utan grunnskulepoeng. Ifølgje Statistisk sentralbyrå gir tala avgrensa moglegheit til å skilje mellom årsakene til at elevane ikkje blir vurdert. Dei aktuelle elevane misser ikkje retten til vidaregåande opplæring, men er sikra dette på særskilt grunnlag.

Leiaren i Utdanningsforbundet, Steffen Handal, seier doblinga dei siste åra er urovekkjande.

– Dette er ikkje ei utvikling vi ønskjer. Eg vil derfor oppmoda skulemyndigheitene til å undersøkje nærare kva som ligg bak. (©NPK)

Les meir:

Då Samira Christina Denz (20) droppa ut av vgs følte ho seg utanfor. Ein annleis skule vart løysinga.

Eit stort problem i skulen er at læreplanen er overfylt. Likevel vil alle ha meir inn i skulen. Det viktigaste spørsmålet er kva som skal ut, skriv journalist Anders Veberg

Slik påverkar fråvær sjansen for å få læreplass